Kåfjord kommune (nordsamisk Gáivuotna suohkan, kvensk Kaivuonon komuuni) er ein kommune i Troms fylke. Han grensar til Nordreisa kommune i nord og aust, Storfjord i sør, og mot Lyngen i vest. I søraust har kommunen grense til Finland.
I tillegg til administrasjonssenteret Olderdalen har kommunen tettstadane Birtavarre, Kåfjorddalen, Djupvik, Nordmannvik og Manndalen eller Olmmaivaggi, der den internasjonale urfolkskulturfestivalen Riddu Riđđu blir halden årleg.
Historie Kåfjord kommune vart oppretta i 1929, då han vart skild ut frå Lyngen kommune. I 1992 vart fire gardar i grunnkrinsen Nordnes overført frå Lyngen kommune til Kåfjord kommune. 2. mai 1994 fekk kommunen offisielt tospråkleg namn, Gáivuotna - Kåfjord, då det samiske namnet vart lagt til kommunenamnet. I 2016 fekk Kåfjord kommune godkjent søknad om kvensk kommunenamn etter behandling i statsråd 15. april. Dermed ber kommunen offisielt eit trespråkleg kommunenamn.
Folketalet i kommunen nådde toppen i 1970, då folketalet var 3362.Folkemengd i Gaivuotna - Kåfjord 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå Sidan då har det vore jamn nedgang i folketalet.
Folketalsutvikling Folketalsutvikling for Kåfjord kommune frå 1930: 1.12.1930Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950) 3.12.1946 1.1.1951 1.1.1961 1.1.1971 1.1.1981 1.1.1991 1.1.2001 1.1.2010 2482a 2820a 3079a 3270a 3279a 3094a 2759a 2311 2207 aDette talet omfattar ikkje eit område som var del av Lyngen kommune fram til 1992, då det vart overført til Kåfjord kommune. Dette området hadde då 38 innbyggjarar.
Sjå òg Offentleg utsmykking i Finnmark Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kommunar i Troms Kategori:Samiske kommunar Kategori:Norske kommunar skipa i 1930