You're a Big Boy Now er eit filmmusikkalbum av The Lovin' Spoonful, gjeve ut i 1967, med musikk frå filmen til Francis Ford Coppola med same namn. All musikken på albumet vart skriven av Spoonful-medlemmen John Sebastian, og inneheld fleire songar framført av bandet, i tillegg til instrumental musikk frå sjølve filmen.
Albumet kom ut på CD i lag med What's Up, Tiger Lily?, musikken Spoonful laga i 1967 for Woody Allen.
Mottaking Songane «Darling Be Home Soon» og «You're a Big Boy Now» kom ut som singlar på Kama Sutra-etiketten. Sjølv om sjølve albumet og tittelsporet ikkje selde godt, vart «Darling Be Home Soon» ein hit og nådde 15. plassen på den amerikanske lista og åttandeplassen i Canada.
Musikkritikaren William Ruhlmann skreiv om albumet «det meste av resten av musikken bestod av instrumentalar, mange i lag med eit ukjend orkester, men tittelsongen til Sebastian var òg imponerande.»
Innhald
Kjelder Denne artikkelen bygger på «You're a Big Boy Now (album)» frå , den 23. mars 2019. oppgav desse kjeldene:
Kategori:The Lovin' Spoonful-album Kategori:Filmmusikkalbum frå 1967 Kategori:Album produserte av Erik Jacobsen