Indelibly Stamped er det andre studioalbumet til det engelske rockebandet Supertramp, gjeve ut i 1971. Det markerte ei dramatisk endring mot meir streit rock enn debutplata, og i følgje notata bandet sjølv skreiv i omslaget var «Travelled» den einaste songen som minna om debutplata. Som debutplata selde det derimot dårleg då det kom ut, men i seinare år har det selt til gullplate i Frankrike og Canada. Plateomslaget syner biletet av overkroppen til ei tatovert og topplaus kvinne. Dette var det første Supertramp-albumet som kom ut i USA, men A&M klistra to gullstjerner over brystvortene på omslaget.

Bakgrunn Roger Hodgson sa seinare at Indelibly Stamped var «overlevingsalbumet som sette oss attende på den gode sida til manageren vår. Det var ikkje noko tema for albumet og me dreiv og kava.» Dei nye medlemmane Kevin Currie, Frank Farrell og Dave Winthrop vart alle henta inn kort tid før innspelinga tok til.

Songen «Times Have Changed» utvikla seg frå ein song kalla «Times of Rain», som var skriven med Richard Palmer-James medan han framleis var med i gruppa. Rick Davies og Roger Hodgson skreiv ny tekst til songen og gav han nytt namn.Fuentes, Abel (January 2011). Interview with Richard Palmer, Supertramp Soap Box Asylum. Henta 9. juni 2020.

Albumet vart marknadsført med ei rekkje konsertar i P.N. Club i München, der Supertramp hadde heldt dei første konsertane sine. Rick Davies skildra sceneshowet deira på denent ida som «verkeleg heilt Rock and Roll. Me brukte å få folk opp på scenen og det var heilt kaos. Me hoppa av stad og gjorde tre ekstranummer, men det var kjøpt og poteter bak det. Verken fleire eller færre folk kom til den neste konserten.» Dette var det siste albumet der Roger Hodgson spelte bass medan han var i Supertramp.

Mottaking

I ei kort melding skildra AllMusic albumet som ei forbetring av debutplata, men meinte det framleis var nokre instrumentalparti som var for lange.

Innhald Alle songane er skrivne av Rick Davies og Roger Hodgson, utanom der andre nemnde.

All solovokal av Rick Davies, utanom der andre er nemnde.

«Rosie Had Everything Planned» er den einaste originale songen i heile Supertramp-katalogen der Rick Davies ikkje er oppført som låtskrivar.

Medverkande Rick Davies – akustisk og Wurlitzer piano, Hammondorgel, solovokal, munnspel Roger Hodgson – akustisk og elektrisk gitar, bassgitar (spor 3), solo- (spor 2, 3, 10) og korvokal Dave Winthrop – fløyte, saksofon, solovokal (spor 6) Frank Farrell – bassgitar (all spor utanom 3), piano og trekkspel (spor 3), korvokal Kevin Currie – perkusjon, trommer

Produksjon Produsent: Supertramp Lydteknikar: Bob Hall

Salslister

Vekeslister ListePlasseringAustralske Kent Music Report53

Salstrofé og salstal

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Indelibly Stamped» frå , den 11. juni 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Supertramp-album Kategori:Musikkalbum frå 1971 Kategori:A&M Records-album Kategori:Album produserte av Rick Davies Kategori:Album produserte av Frank Farrell Kategori:Album produserte av Roger Hodgson Kategori:Album spelte inn i Olympic Sound Studios