The Anthology Decades - The Space Years Volume One er det 105. albumet totalt og det 42. studioalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeve i april 2008.
Albumet er ei samling av eldre studiomateriale som ikkje var gjeve ut før. Somme av spora verka likevel å ha blitt remiksa eller endra frå allereie utgjevne spor. «Sunset in the Fifth System» er basert på utdrag frå Alpha Centauri, «Exit to Heaven» er særs lik «Edinburgh Castle» og «Landing on 51» er i røynda «Astral Voyager» med somme nye melodilinjer.
I følgje CD-heftet var alle spora komponerte og framførte av Edgar Froese og sett saman av Bianca Froese-Acquaye. Det finst ingen informasjon om opphavet til komposisjonane. Trass i at tittelen indikerte at dette var del 1 i ein serie av utgjevingar, er det ikkje kome meir enn dette eine albumet.
Innhald
Medverkande Edgar Froese - klaverinstrument
Kjelder
Kategori:Musikkalbum frå 2008 Kategori:Tangerine Dream-album