Sitting Targets er det tiande studioalbumet til den engelske musikaren Peter Hammill, gjeve ut på Virgin Records i juni 1981. Det inneheld fleire songar i den ru new wave-stilen som var typisk for Hammill seint i 1970- og tidleg i 1980-åra, etter at bandet hans, Van der Graaf Generator, vart oppløyst. Det inneheld òg rolege balladar, som «Ophelia». «Stranger Still», «Sign» og «Central Hotel» har blitt mykje spelt på konsertane til Hammill i nyare år.
«Ophelia» vart omarbeidd av Hammill i 1984 for albumet The Love Songs.
Plateomslag
Plateomslaget syner kræsjtestdukker i eit bilete som kom frå Ford Motor Company.
Innhald Alle songane er skrivne av Peter Hammill.
Medverkande
Peter Hammill - vokal, gitar, klaverinstrument Guy Evans - trommer (spor: 1,2,6,7,9) David Jackson - saksofon, fløyte (spor: 4,6,7,11) Morris Pert - perkusjon (spor: 4,7,10) Phil Harrison - synthesiser (spor: 3,8,9) Teknisk Peter Hammill - lydteknikar (Sofa Sound i Wiltshire) David Lord - miksing (Crescent Studios i Bath) Rocking Russian - design Ford Motor Company - fotografi
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sitting Targets» frå , den 29. juli 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Peter Hammill-album Kategori:Musikkalbum frå 1981 Kategori:Virgin Records-album