Ørjan Håskjold Nyland () er ein norsk fotballspelar frå Volda som har spelt på det norske herrelandslaget i fotball frå 2013. Han er målvakt og vart norsk meister med IL Hødd i 2012 og med Molde Fotballklubb i 2013 og 2014. I 2014 vart han også seriemeister med Molde FK.

Klubbspel Nyland var aktiv i IL Hødd frå 2008 til -12. Etter Hødd overraska ved å vinne NM-finalen 2012, skreiv han kontrakt med topplaget Molde FK. Sommaren 2015 vart han overført til FC Ingolstadt, ein tysk klubb som hadde rykka opp i bundesligaen. I august 2018 gjekk han til Aston Villa. Hausten 2020 avslutta han kontrakten og skreiv i januar 2021 ein korttids-kontrakt med Norwich FC, utan å spele ein einaste kamp. Frå august 2021 til januar 2022 sat han på reservebenken til AFC Bournemouth. Våren 2022 var han i teneste hos Reading FC. 2022/23-sesongen var han andre-målvakt hos RB Leipzig. I september 2023 ligadebuterte han for spanske Sevilla FC.

Landslagsspel Nyland debuterte då Noreg tapte 0–1 mot Skottland den 19. november 2013 i ein vennskapskamp i Molde. Sett vekk frå ein treårsperiode frå sommaren 2018, har han vore fyrstevalet til dei norske landslagssjefane fram til dags dato, 1. april 2016, no han står med 69 landskampar for Noreg.Han vakta målet i alle åtte kampane under kvalifiseringa til Fotball-VM 2026.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ørjan Håskjold Nyland» frå , den 14. august 2020. eu-football

Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Hødd-spelarar Kategori:Molde-spelarar Kategori:Aston Villa-spelarar Kategori:Sevilla-spelarar Kategori:Reading-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2026