Jufureh, Juffureh eller Juffure er ein by i Gambia, 30 kilometer nord for Gambiaelva. I byen ligg eit museum og festninga Jillifree.
Byen er kjend for å vera staden der Alex Haley sin stamfar Kunta Kinte blei røva bort frå av slavejegerar på 1700-talet, som skildra i boka Roots. Etter utgjevinga av Roots blei Jufure eit turistmål. Dette førte til økonomisk utvikling for byen, som omfatta bygginga av ein barneskule, ein ny marknad retta mot turistar, og betre vegar.
Juffure hadde 635 innbyggarar ved folketeljinga i 2013, og er samanvaksen med nabobyen Albreda. mini|venstre|Maurel Frères Building. I Juffure ligg museet Maurel Frères Building, som er vigd til slaverihistorie. Sidan 2003 har museet vore ein del av UNESCO-verdsarva Kunta Kinteh Island and Related Sites, saman med mellom anna Kunta Kinteh-øya.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Juffure» frå , den 11. april 2023.
Kategori:Byar i Gambia