Douala er ein by i Kamerun og regionshovudstad i Littoral. Byen ligg ved munningen av elva Wouri, rundt to mil frå fra Guineabukta. Namnet Douala stammar frå bantufolket duala/douala, som opphavleg budde på staden. Namnet erstatta det tidlegare Kamerunstadt i 1907. Douala hadde 1 884 802 innbyggarar i 2005. Byen har lenge hatt omtrent like stort folketal som den kamerunske hovudstaden Yaoundé. Lenge var Douala den største byen i Kamerun, men no er Yaoundé større.

Byen har ein stor produksjon av kakao, kaffibønner, palmeolje, bananar og tømmer. Desse varene blir eksporterte via hamna. Douala har også tekstil-, næringsmiddel- og treforedlingsindustri, og det blir drive produksjon av øl, leskedrikkar og aluminiumsprodukt her.

Douala blei tysk i 1884, med namnet Kamerunstadt, og var hovudstaden i Tysk Kamerun frå 1901 til 1916. Frå 1940 til 1946 var han hovudstaden i Fransk Kamerun.

Transport Det går jernbanelinjer frå Douala til byane Yaoundé, Ngaoundéré, Kumba og Nkongsamba. Byen har ei 1 800 meter lang bru over Wouri. Han har òg ein internasjonal flyplass, Douala internasjonale lufthamn.

Vennskapsbyar

Strasbourg i Frankrike. Akhisar i Tyrkia. Dakar i Senegal. Newark i USA. Philadelphia i USA. Windhoek i Namibia.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Douala» frå , den 25. juli 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Kamerun Kategori:9°E Kategori:4°N