William Henry Singer jr. () var ein amerikansk biletkunstnar og millionærarving til eitt av dei største stålverkselskapa i USA.
Singer måla mellom anna vestlandske landskap i impresjonistisk stil. Motiv til måleria fann han i mange år inst i Nordfjord.
William Henry Singer og kona Anna kom til Olden i Nordfjord første gong i 1913. Dei likte seg her og kom tilbake åra etter og budde i bygda i sommarhalvåret. Etterkvart fekk dei teikna og bygd villaen Dalheim, som stod ferdig i 1921. Kunstnarbustaden, også kalla Singerheimen, vart innreia med ei betydeleg samling av kunst og antikvitetar. Singerheimen vart ein samlingsstad og delvis bustad for kunstnerar. Anlegget omfattar fleire bygningar, som hadde ulike funksjonar i si tid.
William Henry Singer gjorde mykje for lokalsamfunnet i Nordfjord. Han donerte store pengegåver til ulike prosjekt i Olden og omegn, mellom anna til Nordfjord sjukehus og til bygging av vegen mellom Innvik og Olden. Singer vart utnemnd til kommandør med stjerne av St. Olavs Orden for sin samfunnsinnsats i Nordfjord.
Eigedomen Singerheimen blir driven av Stiftelsen William H Singer Jr's og Anna Brugh Singers Minde og administrert av Vestland fylkeskommune. Singerheimen er i dag gjestehus og museum på sommartid. I 2021 vart Singerheimen freda av Riksantikvaren.
Kjelder
Kategori:Norske kunstnarar Kategori:USA-amerikanske kunstnarar Kategori:USA-amerikanske velgjerarar Kategori:Norske velgjerarar Kategori:Nordmenn av USA-amerikansk opphav Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Folk frå Pittsburgh Kategori:Folk frå Stryn