Frank Patrick Herbert () var ein amerikansk science fiction-forfattar. Han er best kjend for boka Dune (1965) og dei fem etterfølgjande bøkene i den same serien. Herbert skreiv også noveller og verka som journalist, fotograf, bokmeldar, førelesar og økologikonsulent.
Dune er den bestseljande science fiction-romanen nokosinne, og serien er rekna som ein klassikar innan sjangeren. Dune-soga går føre seg i ei fjern framtid over fleire tusenår, og tek for seg komplekse emne, som overlevinga til menneskja over tid, menneskeleg evolusjon, planetologi og økologi, og skjeringspunkta mellom religion, politikk, økonomi, sex og makt i ei framtid der menneskja har utvikla romfart for lenge sidan og kolonisert tusentals verder.
Serien er blitt filmatisert ei rekkje gonger, som i spelefilmen Dune (1984), miniserien Frank Herbert's Dune og Children of Dune, og ein spelefilmtrilogi med Dune (2021) som den fyrste.
Frank Herbert var far til forfattaren Brian Herbert.
Bibliografi (utval)
The Dragon in the Sea Dune The Green Brain The Jesus Incident The Dosadi Experiment The White Plague Man of Two Worlds
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Frank Herbert» frå , og «Frank Herbert» frå den 30. desember 2024.
Bakgrunnsstoff
Kategori:USA-amerikanske journalistar Kategori:USA-amerikanske forfattarar frå 1900-talet Kategori:Science fiction-forfattarar