Uttalen av walisisk språk er regelmessig, men ikkje rett fram.

Det walisiske alfabetet består av desse bokstavane:

a b c ch d dd e f ff g ng h i j l ll m n o p ph r rh s t th u w y

ch, dd, ff, ng, ll, ph, rh og th fungerer som einskildbokstavar, og blir også alfabetisert som det i ordbøker.

k, q, v, x og z blir ikkje brukt i walisiske ord; j opptrer berre i engelske lånord.

a: a (kort eller lang). ae: ai. b: b. c: k. ch: som tysk ch i Buch (ikkje som i tysk ich). d: d. dd: stemt th som i engelsk this. e: e, ä (kort eller lang). f: v ff: f g: g. ng: nesten alltid som ng i ting, berre unntaksvis som ng i bingo. ngh: ng med høyrbar h. h: h. i: som i (kort eller lang) j: som engelsk j. l: l. ll: ustemt frikativ l. (oppstår, når ein l og ein h blir uttalt samtidig) m: m. mh: mh med etterfølgjande h. n: n. nh: n med etterfølgjande h. o: o (kort eller lang). oe: oi. p: p. ph: f. r: rulle-r rh: ustemt rulle-r s: ustemt s. si: sj. t: t. th: ustemt th som i engelsk thing. u: I sørlege Wales som i; i nordlege wales meir eller mindre som y. w: som o (kort eller lang) dum, god. wy: enten som oi (IPA [ui]) eller som engelsk wi i wit. y: (1) I einstava ord og i siste stavinga av fleirstava ord, som walisisk u (jf. ovanfor). (2) Elles som trykklett norsk e i kaste. – Cymry = „Walisar“ (Plural) høyrest ut som kömri.

Vokalar kan vere kort eller lang: kort er alle ubetonte vokalar, som betonte vokalar i konsonantgrupper (ch, dd, ff, th er einskildkonsonantar!) og framfor p, t, c, m, ng; unntatt når dei er markert med grav aksent (à, è osb.). lang er betonte vokale framfor b, ch, d, dd, f, ff, g, s, th, enkel n, enkel r; unntatt når dei er markert med ein Sirkumfleks (â, ê osb.).

Trykket ligg på nest siste staving, med eit par unntak: brénin = „konge“, brenhínes = „dronning“, breninésau = „dronningar“. Eitt av desse unntaka er Cymráeg = „walisisk“.

Kategori:Walisisk språk