Solsemhòla er ei hòle sørvest på øya Leka i Leka kommune i Trøndelag. Hòla er kjend for hòlemåleria sine som vart oppdaga i 1912, og som lenge var den einaste kjende førekomsten av hòlemåleri i Noreg.

Det er funne over tjue figurar måla på hòleveggene. Hovudgruppa består av 13 menneskefigurar til venstre for ein stor krossfigur. Ein går ut frå at bileta anten viser ei form for rituell dans som har vorte utført av dei som brukte hola, eller at figurane er avbildingar av menneska eller maktene som heldt til inne i berget.

Staden og funnet miniatyr|Hovudgruppa med den store krossfiguren. miniatyr|Det er eit bratt fall frå hòleopninga ned til bakkenivået inne i grotta. Hòla er danna ved ein forkasting i berget, og forma av brenningar og rullesteinar. Solsemhòla er 40 meter djup. Ho er dermed den kortaste av dei kjende norske hòlene med hòlemåleri.Norsted 2011 Fordi hola skiftar retning to gonger, er ho likevel mørk inst. Hòleopninga vender mot sørvest og har utsikt over Solsemgrenda. Opninga er 3 meter brei og er sperra av ei høg steinblokk som avgrensar tilkomsten til hòla. Bak steinblokka er det eit fritt fall på 3 meter, og i dag er det montert ei trapp der.

Den 3. mai 1912 vart hòla vitja av tre unge menn frå bygda: gardbrukaren på Solsem, Johan Nikolaisen, og to av venene hans.Sognnes 2013 Dei hadde med seg tau, stige og lykter for å utforske staden.100 år siden funnet av Solsemhula; nrk.no, 3.5.2012 Arkeologen Theodor Petersen frå Vitskapsmuseet vitja staden i juli same året. Ei nærare undersøking vart gjord av Petersen og arkitekten Claus Hjelte i 1913. Petersen offentleggjorde den første vitskaplege presentasjonen av funnet i 1914, i eit festskrift til kollegaen Karl Ditlev Rygh.Petersen 1914 Etter Petersen og Hjelte har hòla vorte undersøkt av den svenske arkeologen Gustaf Hallström i 1916 og den norske arkeologen Gutorm Gjessing i 1935. Professor Kalle Sognnes ved NTNU/Vitskapsmuseet publiserte fleire artiklar om Solsemhòla. Terje Norsted frå NIKU har vitja og dokumentert hola fleire gonger frå 1996 til 2009, som ein del av Riksantikvaren sitt bergkunstprosjekt.

Figurane og andre funn i hola miniatyr|Snitt og plan av Solsemhòla. Solsemhòla er unik i Skandinavia ved at det er funne både hòlemåleri og eit kulturlag med gjenstandar på same staden. miniatyr|«Geirfuglen» er det mest iøynefallande av dei få gjenstandsfunna i hòla. Th. Petersen har skildra figuren som «det vakraste stykket naturkunst» frå forhistorisk tid i Noreg. Det er uvisst om fuglen førestiller ein geirfugl, ærfugl eller and. Han er i alle fall laga av storfebein, og kan dermed ikkje vere eldre enn yngre steinalder.Sognnes 1996

Det er 13–14 menneskefigurar i hovudgruppa, som står til venstre for ein krossfigur med dominerande storleik. Menneska er av ulik storleik, frå 30 til 100 cm høge. Krossfiguren er 264 cm høg og 327 cm brei. Saman med menneskefigurane er hovudgruppa 6 meter brei. 13 av menneskefigurane er identifiserte. Ein av figurane har vorte tolka som ei klubbe eller ei fakkel. Fleire av figurane blir skildra som «falliske», det vil seie at penis er markert. Tre av menneska skil seg ut frå dei andre: nummer to frå venstre har ein «hornliknande utvekst» eller «antenne» på hovudet, den fjerde frå venstre held ei klubbe, medan personen nedst til høgre truleg held tak i den vassrette krossarma.

På den venstre hòleveggen er det funne ni menneskeliknande figurar på eit 4,2 meter breitt felt. Denne gruppa er mindre samla, fordi bergflata er annleis. Alle figurane i hòla er måla med raud farge på bergveggen. Fargen er danna av jernoksid, truleg rørt ut i vatn.

Midtvegs inne i hòla vart det funne eit kulturlag som var 10–20 cm tjukt, og som inneheldt trekol, dyreknoklar og restar av muslingar og sniglar.T10814: Skjell; NTNU Vitenskapsmuseet, Samlinger på nett Petersen samla inn til saman 1868 knoklar, der 1534 låg i kulturlaget og dei andre mellom steinar på holebotnen lenger inne i hola. Beindrema omfattar bein etter torsk, flyndre, sild, fleire selartar og ei rekkje fugleartar: svartbak, lirype, lomvi, geirfugl, lappfiskand, havørn, hønsehauk og klippedue. Alle desse artane speglar eit samfunn som levde av fangst på og ved havet. Beinmaterialet inneheld også restar etter storfe, sau, geit og hest. Dette er dyr som blir knytte til «bondesteinalderen» og seinare tid.

Under ein av dei måla figurane vart det funne ei samling brende bein. Petersen tolka dette som ein mogleg offerstad. Det vart også funne restar av menneskeskjelett, frå eit spedbarn og minst to vaksne menneske. Menneskerestane er ikkje sikkert forklarte eller tolka.

Det vart også funne nokre få kulturgjenstandar av stein og bein som var forma av menneske: ein 5 cm lang fuglefigur som førestiller ei and eller ein geirfugl,T10815: Figur; NTNU Vitenskapsmuseet, Samlinger på nett ein 9 cm lang harpun-del av bein/gevir,T10278: Harpun; NTNU Vitenskapsmuseet, Samlinger på nett eit leddbein frå eit dyr – forma med ansats til eit menneskeandlet,T10281: Ukjent; NTNU Vitenskapsmuseet, Samlinger på nett og ein knokkel frå ein måse som kanskje har vorte brukt som fløyte.T10816: Ukjent; NTNU Vitenskapsmuseet, Samlinger på nett

Tolking og datering Theodor Petersen skildra hòla som ein buplass der det også hadde gått føre seg magiske ritual. Dei fleste som har skildra og drøfta hòla, er likevel samde om at hòla ikkje kan ha vore ein vanleg buplass eller opphaldsstad, men at ho har vore knytt til ritual og seremoniar. Gjessing oppfatta både måleria og gjenstandsfunna som «minne etter ein religiøs eller magisk kultus».Gjessing 1936 Professor Anders Hagen tolka bileta som «rituelle fellesdansar» og meinte at hòla hadde vore brukt til «hemmelege ritual». Professor Sverre Marstrander understreka også hola som ein stad for jaktmagiske seremoniar.. Særtrykk fra fylkesbindet av Norges bebyggelse. Bjerck oppsummerer at både kulturlag, gjenstandar og måleri må sjåast som ein heilskap, knytt til hòla som åstad for ritual.

Professor Kalle Sognnes oppfattar Solsemhula som ein samlingsstad for ei «utvalgt liten gruppe mennesker som […] var i besittelse av evner og krefter som gjorde dem i stand til å møte ikke-menneskelige krefter som holdt til i dette underjordiske annerledeslandet.» Han viser til omgrepet «hierofani», som den rumenske religionshistorikaren Mircea Eliade nytta om ein stad der det heilage markerer nærværet sitt. Sognnes meiner at hòlemåleria anten viser ein form for rituell dans som vart utført av dei som brukte hòla, eller at figurane er avbildingar av menneska eller maktene som budde inne i berget.

Petersen og Gjessing meinte at hòlemåleria og gjenstandsfunna i kulturlaget var frå same tid, og at hòla berre hadde vore brukt i ein kortare periode, truleg i bronsealderen. Nye dateringsmetodar viser at hola har vore brukt som samlingsstad i meir enn femten hundre år.Sognnes 2009 Karbondatering av ulike delar av beinmaterialet gir dateringar til eldre bronsealder (1600 f.Kr.), yngre bronsealder (800 og 600 f.Kr.) og førromersk jarnalder (250 f.Kr.). Sognnes peikar også på at det er funne eit trestykke av gran i hola. Ettersom grana kom seint til Namdalskysten, tyder dette på at hòla vart brukt eller vitja mot slutten av vikingtida. Ei mogleg forståing av tidsperspektivet er at bruken av hola vart avbroten då steinblokka fall ned og blokkerte holeopninga.

Ettersom Solsemhula var den første førekomsten av hòlemåleri som vart funnen i Noreg, blir ho ofte nemnd som referansepunkt og samanlikningsgrunnlag i skildringar av andre holemåleri i Noreg. Alle kjende norske hòlemåleri finst i kystområde frå Namdalen og nordover til Bodø og ytre delar av Lofoten.Bjerck 1993 Fingalshòla i Gravvik, som vart oppdaga i 1961, ligg berre 10 kilometer i luftlinje frå Solsemhòla.Lødøen 2010Sverre Marstrander (1965). «Fingalshulen i Gravvik, Nord-Trøndelag».I:

Området i dag Hòlemåleri er ein sårbar form for bergkunst. Solsemhula kan derfor berre vitjast saman med guide. Hòla er sperra med ein trevegg og ei låst dør. Inngangspartiet er tilrettelagt med trapp og rekkverk av tau.Solsemhula på Leka; visitleka.no

Solsemhòla inngår i Trøndelag fylkeskommune sitt formidlingsprosjekt Bergkunstreisen.Helle Vangen Stuedal. «Bergkunstreisen i Trøndelag»; Spor; 2020, nr 2

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Solsemhula» frå , den 6. september 2026.

Litteratur

Theodor Petersen (2020) «Meddelelser fra stenalderen i det nordenfjeldske Norge». I: Aarbøger for nordisk Oldkyndighed og Historie 1920; side 18–35

Kalle Sognnes (1982). «Prehistoric cave paintings in Norway». I: Acta Archaeologica 53 (1982), 101–118. . Med en gjennomgang av tidligere hulemalerier i Norge. Kalle Sognnes (1996). «Dyresymbolikk i midt-norsk yngre steinalder». Viking; nr 59 (1996) Kalle Sognnes (2009). «Art and humans in confined space: Reconsidering Solsem Cave, Norway» I: Rock Art Research 26 (1); side 83-94 (pdf) Trond Klungseth Lødøen (2010). «Hulemalerier i Nord-Trøndelag og Nordland». Acta Spelæologica Norvegica – Norsk Speleologisk Årbok; nr 1-2, 2010, side 25–38 (pdf) Terje Norsted (2011). Maleriene i Solsemhula, Leka kommune. Norsk institutt for kulturminneforskning . (NIKU Rapport; 44)

Bakgrunnsstoff

Solsemhòla på Leka; visitleka.no Emaomn og Solsemhula; ut.no I Solsemhula; Kjartan Tranas fotoblogg, 11.6.2016

Solsemhula Kategori:Kulturminne i Leka Kategori:Grotter i Noreg Kategori:Bronsealderen