Southfleet er ein liten landsby og eit civil parish i borough of Dartford i Kent i England. Byen ligg tre mile sørvest for Gravesend. Innanfor parish-grensene ligg også dei mindre landsbyane Betsham og Westwood.
Southfleet har namn etter elva Fleet, ei mindre bielv til Themsen. Vatnet som forsynte elva kom frå ein stad som heiter Springhead, der det var engelskkarse- og østersbed; elva strøymde så gjennom Southfleet, Ebbsfleet og Northfleet. Southfleet har ein butikk, Broaditch Farm Shop, og ein pub, Ship Inn, i sentrum av landsbyen. I 2026 blei det foreslått å byggja eit datasenter her.
Landsbyen ligg rundt eit vegkryss, og mange av bygninaene, inkludert Ship Inn, er svært gamle. Soknekyrkja St Nicholas har opphav frå 1300-talet. Kyrkja har minnesmerke til familien Sedley, Svane og Peyton.
I juli 2026 blei det føreslått å bygga eit datasenter til 3 milliarder pund på 90 hektar, som skulle ha 420 arbeidsplassar når det var i drift, av infrastrukturutviklaren Clearstone. Senteret skulle plasserast på New Barn Road, mellom Southfleet og Northfleet.
Transport Southfleet hadde ein jernbanestasjon på Gravesend West Line, som var i operasjon frå 1886 til 1953. Delar av det stengde sporet sør for A2-vegen blei brukt av Eurostar-tenestene til London Waterloo.
No er den næraste jernbanestasjonen Longfield på Chatham Main Line, som ligg ca. 2,3 mile unna landsbyen. Stasjonen gjev jernbanesamband med London, Medway Towns, Dover og Ramsgate.
Bussruta 489 frå 1st Bus Stop gjev samband med Gravesend, Longfield og New Ash Green.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Southfleet» frå , den 23. oktober 2026.
Kategori:Landsbyar i Kent