Djavolski most er ei bogebru over elva Arda i Bulgaria. Ho ligg 10 km frå den bulgarske byen Ardino i Rodopifjella, og er ein del av eldgamal veg som knyter saman låglandet i Thrakia med den nordlege kysten av Egearhavet.
Ein er ikkje sikker på når Djavolski most vart bygd, og forskjellige kjelder seier alt frå 1300-talet til tidleg på 1600-talet. Brua er den største og mest kjende av sitt slag i Rodopifjella, er 56 meter lang og har tre bogar. Ho har òg fleire små hol i dei små bogane slik at ein kan lese av vassnivået i elva. Djavolski most er 3,5 meter brei, og hovudbogen er 11,5 meter høg.
Brua vart erklært eit kulturminne 24. februar 1984.
Bilete
Kjelder
Journey.bg. Djavolski most Glavatarski han.com Djavolski most
Denne artikkelen bygger på «Dyavolski most (bridge)» frå , den 11. mars 2007.
Kategori:Bruer i Bulgaria Kategori:Bogebruer Kategori:Namn knytte til djevelen