Ramoen er eit fjell på 1419 moh. ved Barstadvik i Ørsta kommune på Sunnmøre.
mini|venstre|Ramoen til høgre.
Fjellet ligg på vestsida av Hjørundfjorden, aust for bygda Barstadvik. Fjelldalen Molladalen ligg sør for fjellet. Fjellet har alpin form og er bratt på alle kanter, men har to oppstigingsruter som ikkje krever klatring, ein frå Molladalen og ein frå Barstadvik via Vollesetra. Ulikt dei fleste andre alpine fjell, som til dømes i Jotunheimen, er heile fjellets høgde over havet synleg på kloss hald. Frå Storfjorden og Hjørundfjorden ser ein heile 1419 meter nærast rett opp. Frå toppen er utsikten spektakulær. Ved toppen ligg ein steinhelle ein må krype under for ikkje å eksponere seg for eit stup mot Hjørundfjorden.
Briten Geoffrey Hastings steig til topps på Ramoen den 7. september 1889 og stod for den fyrste kjende bestigninga. Der fann han «en vel bygget varde.»Hagen og Standal s. 10
Fjellet var eit kjent seglingsmerke for fiskarane som dreiv ute på Sunnmørshavet.
Jønshornet er eit anna namn på fjellet.
Oppkalling
Ramoen har mest truleg gitt namn til: Ramoen, ein trålar registrert i nabobygda Vartdal og Ramoen, forsamlingslokale og kafe i nabobygda Vartdal.
Kjelder
Jon Hagen og Helge J. Standal: Molladalen, Volda 1989
Kategori:Fjell på Sunnmøre Kategori:Fjell i Ørsta