Averøy er ein kommune på nordsmørskysten i Møre og Romsdal. Kommunen grensar i vest til Kristiansund og i sør til Gjemnes og Eide. Averøy kommune ligg på Averøya, den største øya i kommunen, som er skilt frå fastlandet og nabokommunane ved Bremsnesfjorden, Kvernesfjorden og Kornstadfjorden. Averøy femner også fleire mindre øyar og holmar nordvest for hovudøya.

Averøy kommune vart oppretta i 1964 etter samanslåing av den tidlegare kommunen Kvernes, og delane av dei tidlegare kommunane Bremsnes og Kornstad som låg på Averøya, i tillegg til dei mindre øyane på kysten utanfor. Ei mindre grensejustering var i 1983, då Eldhusøya på Atlanterhavsvegen vart overført frå Eide til Averøy.

Folketalsutvikling for noverande Averøy kommune 1801Folketeljing 1801 for Kvernes prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Bremsnes herred, frå DigitalarkivetFolketeljing 1900 for Kornstad herred, frå DigitalarkivetFolketeljing 1900 for Kvernes herred, frå Digitalarkivet 2000Endringer i kommuner, fylker og hele landets befolkning (K) 1951 - 2024, frå Statistisk sentralbyrå 2024 1828 4675 5409 5955

Kjende folk frå Averøy kommune Ole Olsson Lindset (1847-1902), spelmann Erling Kristvik (1882–1969), rektor og professor. Leif Helge Kongshaug (1949-), politikar Erling Laugsand, leiar i Senterungdomen

Bilete

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad Historiske arkiv etter Averøy kommune, Bremnsnes kommune, Kornstad kommune og Kvernes kommune på Arkivportalen

Kategori:Kommunar i Møre og Romsdal