Montreuil-sur-Mer (offisielt Montreuil) er ein by og kommune nord i Frankrike. Han er sous-préfecture (administrasjonssenter) i departementet Pas-de-Calais i regionen Hauts-de-France, og har om lag 2 500 innbyggjarar. Han ligg ved elva Canche, nær Étaples. Havet («mer» er fransk for «sjø, hav») som namnet nemner byen ligg ved er derimot i dag eit stykke unna.

Attraksjonar

Byen er omringa av festningsvollar frå mellomalderen og ein del av festningsverket som den kjende franske militæringeniøren Vauban bygde på 1600-talet.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Pas-de-Calais Kategori:Byar i Frankrike Kategori:Byar i Hauts-de-France