Selz er òg det tyske namnet for elva Seille

Selz er ei elv i Rheinland-Pfalz i Tyskland, og ei av sideelvane til Rhinen frå venstre med ei lengd på 63 km. Ho har sitt utspring i Saarland, nordvest for Homburg. Elva renn gjennom det største tyske vinområdet kalla Rheinhessen. Ho har sitt utspring nær landsbyen Orbis i Donnersbergkreis, og kryssar grensa frå Pfalz til Rheinhessen etter om lag 8 km ved byen Alzey i landkreis Alzey-Worms. Her renn elva gjennom kanalar under byen. Vidare renn ho gjennom Gau-Odernheim, Nieder-Olm og Ingelheim, før ho ved Frei-Weinheim munnar ut i Rhinen.

Selz har eit nedslagsfelt på 375 km², men elva har fleire stader ganske ujamn vassføring.

Store delar av elva vart retta opp og kanalisert på 1950- og 1960-talet, og i seinare tid har ein utført prosjekt for å føre elva tilbake til sin naturlege tilstand. Ein del av årsaka til denne gjennopprettinga var at flaumfaren vart mykje større etter at elva vart kanalisert.

Byar og landsbyar thumb|Selz Frå kjelda til munningen renn Selz gjennom følgjande landsbyar og byar: Orbis Morschheim Mauchenheim Alzey Alzey-Schafhausen Framersheim (Der Selz mottar sideelva Weidas) Gau-Köngernheim Gau-Odernheim Bechtolsheim Undenheim Friesenheim Köngernheim Selzen Hahnheim Sörgenloch Nieder-Olm Stadecken-Elsheim Bubenheim Schwabenheim an der Selz Groß-Winternheim Ingelheim am Rhein

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Selz» frå , den 9. juni 2007.

Bakgrunnsstoff

Gjennoppretting av Selz

Kategori:Sideelvar til Rhinen Kategori:Elvar i Tyskland Kategori:Rheinland-Pfalz