Tyskland, offisielt Forbundsrepublikken Tyskland, er eit land i Sentral-Europa. Tyskland er eit stort industriland. Det har sams grense med Danmark, Polen, Tsjekkia, Austerrike, Sveits, Frankrike, Luxemburg, Belgia og Nederland. I nord utgjer Nordsjøen og Austersjøen dei naturlege landegrensene.

Hovudstad og administrasjonsstad er Berlin. Nokre regjeringskontor har sete i Bonn. Tyskland er delt inn i 16 delstatar, som vert kalla Bundesland, forbundsland (fleirtal Bundesländer). Tyskland er medlem av Den europeiske unionen, NATO og G8. Etter USA er Tyskland det nest mest populære migrasjonsmålet i verda.

Historie

Nasjonalstaten Tyskland oppstod først i 1871, då den prøyssiske hæren hadde innteke slottet i Versailles etter å ha sigra over Frankrike i den fransk-tyske krigen 1870–1871. Omgrepet Tyskland har likevel vore brukt sidan tidleg mellomalder, til dømes om det tysk-romerske riket som blei grunnlagd i år 843. Men etter dette var landet delt opp i ei mengd små fyrstedøme.

Historia til det moderne Tyskland kan delast inn i desse periodane: Keisardømmet 1871–1918, Weimarrepublikken 1918–1933, Det nazistiske «Tredje Riket» 1933–1945 (som frå 1938 til 1945 òg omfatta Austerrike), etterkrigstida og delinga 1945–1989 og det gjenforeinte Tyskland etter 1990.

Geografi mini|venstre|Alpane sør i Bayern. mini|venstre|Topografisk kart|170px

Tyskland er den nest mest folkerike landet i Europa (etter Russland) og det sjuande største etter areal. Arealet dekkjer 357 021 km², der 349 223 km² er land og 7 709 km² er vatn. Landet strekkjer seg frå dei høge Alpane i sør til Nordsjøen i nordvest og Austersjøen i nordaust. Det høgaste punktet i landet er Zugspitze på 2 962 meter over havet. I mellom ligg den lågtliggande Den nordtyske sletta og det skogkledde og åslendte landskapet sentralt i Tyskland, Mittelgebirge. Det lågaste punktet i Tyskland er Wilstermarsch, som er 3,54 metres under havnivå. Nokre av dei største elvane i Europa renn gjennom Tyskland, som Rhinen, Donau og Elbe. Sidan Tyskland ligg sentralt til er det ingen europeiske land (bortsett frå Russland) som har fleire grenseland. Nabolanda er Danmark i nord, Polen og Tsjekkia i aust, Austerrike og Sveits i sør, Frankrike og Luxembourg i sørvest og Belgia og Nederland i nordvest.

Administrativ inndeling

Tyskland er delt inn i 16 delstatar, som vert kalla Bundesland, forbundsland (fleirtal Bundesländer). Vidare er dei delt inn i 439 landkreis og byar (kreisfrie byar)

280px|sentrum| Delstat (Land) Hovudstad Areal (km²) Folketal(2)1 Baden-Württemberg Stuttgart 35 751,65 10 717 0002 Bayern München 70 549,19 12 444 0003 Berlin (1) 891,75 3 388 0004 Brandenburg Potsdam 29.477,16 2 568 0005 Bremen Bremen(1) 404,23 663 0006 Hamburg (1) 755,16 1 735 0007 Hessen Wiesbaden 21.114,72 6 098 0008 Mecklenburg-Vorpommern Schwerin 23 174,17 1 720 0009 Niedersachsen Hannover 47 618,24 8 001 00010 Nordrhein-Westfalen Düsseldorf 34 042,52 18 075 00011 Rheinland-Pfalz Mainz 19 847,39 4 061 00012 Saarland Saarbrücken 2 568,65 1 056 00013 Sachsen Dresden 18 414,82 4 296 00014 Sachsen-Anhalt Magdeburg 20 445,26 2 494 00015 Schleswig-Holstein Kiel 15 763,18 2 829 00016 Thüringen Erfurt 16.172,14 2 355 000(1) Bystatane Berlin og Hamburg består berre av byane med same namn; bystaten Bremen omfatter òg byen Bremerhaven. (2) pr. 31.12.2004

Klima

Det meste av Tyskland har eit kjølig og temperert klima der fuktige vindar frå vest dominerer. Klimaet vert styrt av Nord-Atlanteren og Golfstraumen. Dette varme vatnet påverkar områda som grensar til Nordsjøen, og derfor har dei nordlege og nordvestlege områda av landet maritimt klima med nedbør året rundt og mest nedbør om sommaren. Vinteren er mild og sommaren som regel noko kjølig, sjølv om ein kan få temperaturar over 30 °C i lengre periodar. I aust er klimaet meir kontinentalt, og vintrane kan verte kalde og somrane svært varme. I tillegg har ein ofte lengre tørkeperiodar. Sentrale og sørlege delar av Tyskland ligg i ein overgangssone mellom dei to klimatypane.

Galleri

Merknader

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:EU-land Kategori:Schengen-land Kategori:NATO-land Kategori:Land i Europa Kategori:Sentral-Europa Kategori:Medlemsland i Unionen for Middelhavet