mini|Jean-Baptiste Lully, som vanlegvis er rekna som komponisten til den norske kongesongen
Den norske kongesongen er ein song til ære for den norske kongen. Songen er basert på den engelske kongesongen «God Save the King» og vart offisielt teken i bruk i Noreg i 1905. Teksten er skriven av Gustav Jensen, og komponisten er vanlegvis rekna som Jean-Baptiste Lully.
Tekst
Gud sign vår konge god! Sign ham med kraft og mot sign hjem og slott! Lys for ham ved din Ånd, knytt med din sterke hånd hellige troskapsbånd om folk og drott!
Høyt sverger Norges mann hver i sitt kall, sin stand, troskap sin drott. Trofast i liv og død, tapper i krig og nød, alltid vårt Norge lød Gud og sin drott.
Songen er vorten omsett til nordsamisk, og denne versjonen vert sungen, saman med den norske, når kongen er til stades i Sametinget. Det er ikkje sikkert korleis songen skal endrast om Noreg får ei dronning.
Historie Grand Dieu sauvez le roi Grand Dieu sauvez le roiGrand Dieu vengez le roiVive le roiQu'à jamais glorieuxLouis victorieuxVoie ses ennemis toujours soumisVive le roi. Herren Gud signar kongenHerren Gud hemnar kongenLeve kongenSlik at alltid med heiderskal Ludvik sigraog sjå fiendane sine overvunneLeve kongen God save the king God save our gracious KingLong live our noble KingGod save the KingSend him victorious,Happy and glorious,Long to reign over usGod save the King. Gud signe vår nåderik kongeLeve vår edle kongeGud signe kongenSend han sigraneglad og ærefullå herska lenge over ossGud signe kongen Soga om kongesongen byrjar i 1686 i Frankrike. Den franske kongen Louis XIV hadde grunnlagt ein skole for å gje «fattige døtre av adelsmenn» ei praktisk utdanning. Skolen var driven av Madame de Maintenon, som òg var elskarinna til kongen. Ho fekk ei venninne, Mme. de Brinon, til å skriva eit dikt som skolejentene kunne syngja for å helsa kongen, og Jean-Baptiste Lully til å skriva musikk til diktet. Diktet heitte «Grand Dieu sauvez le roi» (sjå høgre).
Songen vart ikkje brukt igjen i Frankrike, men ein engelsk versjon kom i bruk i England på 1740-talet for å visa støtte til kong Georg II imot Bonnie Prince Charlie. Songen vart veldig populær i England og spreidde seg gjennom Europa.
Songen vart omsett til dansk og norsk fleire gonger på 1800-talet. Thomas Overskou gav ut ein versjon som heitte «Gud skærm vor Konges hus». I 1841 vart songen òg gjendikta av Henrik Wergeland som «Gud signe Kongen vor», og Elias Blix seinare omsett songen til nynorsk som «Gud signe kongen vår». Men versjonen som vart den offisielle kongesongen i 1905 var skriven om lag 1820 av ein dansk prost, Nicolaj Fogtmann, og heitte «Gud sign vor konge god». Fogtmann sin versjon vart forenkla og forkorta av den norske presten Gustav Jensen i ein ny versjon som vart gjeven ut i eit spesialhefte i 1906. Den nye versjonen vart populær og det er denne me bruker i dag.
Melodien
Det er ikkje sikkert kven skreiv melodien til songen. Melodien som Lully skreiv til «Grand Dieu sauvez le roi» finst ikkje lengre, og det er derfor ikkje sikkert at den var det same som kongesongen sin melodi. Nokre musikarar hevdar at kongesongen sin melodi liknar litt på melodien som Lully skreiv til «Domine Salvum Fac Regem», ein fransk vekselsong brukt fram til det 18. hundreåret for å gje ære til kongen. Dei seier at det viser at me eigentleg bruker Lully sin melodi i dag. Men alle er ikkje einige.
På slutten av 1780-talet hevda sonen til ein engelsk komponist, Henry Carey, at faren hans hadde skrive melodien til songen. Han sa at faren hans song songen i 1740 på eit middagsselskap gjeve for admiral Edward Vernon, som hadde overvunne ein spanske krigsfloten i Porto Bello. Men han kunne ikkje visa det og mange trudde at han berre sa det for å tena pengar på songen. Andre engelske komponistar som har fått æra for melodien inkluderer Henry Purcell, John Bull og Thomas Ravencroft.
I Noreg er det vanlegaste å namna Lully som komponisten. I England er det derimot vanlegare å seia at komponisten er ukjent, eller å namna Henry Carey. Mange seinare komponistar, inkludert Beethoven, Händel, Franz Liszt og Nicolò Paganini har brukt melodien i komposisjonane sine.
Kategori:Norske fedrelandssongar Kategori:Kongesongar