Aslaug Vaa () var ein norsk lyrikar og dramatikar.

Bakgrunn Aslaug Vaa var fødd på fjellgarden Nystog i Rauland i noverande Vinje kommune i Telemark som dotter av Tor Aanundsson Vaa (1864–1928) og Anne Marie Roholt (1866–1947). Då ho var fire år gammal flytta familien til Kviteseid der ho vart buande fram til studietida. Ho var syster til bilethoggaren og målaren Dyre Vaa. Gjennom oldemora Signe Jore var ho tremenning til Eivind Groven og Tarjei Vesaas.

Vaa studerte fransk litteratur og kunsthistorie ved universitet i Paris og teaterhistorie ved universitetet i Berlin. Etterpå arbeidde ho ei tid som lærar og journalist.

Alsaug Vaa var gift med psykologen og filologen Ola Raknes frå 1911 til 1938. Ho var mor til bilethoggaren Anne Raknes og lyrikaren Magli Elster, og mormor til Jon Elster.

Forfattarskap Vaa debuterte som lyrikar i 1934, 45 år gammal. Den fyrste samlinga heitte Nord i leite. Ho skreiv også skodespel og omsette bøker til nynorsk, blant anna Jungel-boki.

For den omsetjinga fekk ho Melsom-prisen i 1935. Ho fekk kunstnarløn frå 1955.

Tolkingar I 2001 framførte Odd Nordstoga og Øyonn Groven Myhren tingingsverket Nivelkinn bygd på Aslaug Vaa sin diktsyklus av same namn frå Nord i leite på Telemarksfestivalen. Oppføringa vart teken opp og gitt ut på plate, og vann Spellemannprisen 2002.

Bibliografi 1934 Nord i leite, lyrikksamling 1935 Skuggen og strendan, lyrikksamling 1936 Villarkonn, lyrikksamling 1938 Steinguden, skodespel 1939 På vegakanten, lyrikksamling 1947 Fotefár, lyrikksamling 1947 Tjugendagen, skodespel 1954 Skjenkarsveinens visur, lyrikksamling 1963 Bustader, lyrikksamling 1964 Dikt i utval, lyrikksamling 1965 Honningfuglen og leoparden, skodespel 1966 Munkeklokka, skodespel 1989 Dikt i samling 1999 Og ordet var..., etterlatne dikt

Kjelder

Dagbladets forfatterside Om Nivelkinn på Odd Nordstoga si heimeside

Bakgrunnsstoff En lyriker - et tema: Aslaug Vaa NRK-program med Aslaug Vaa frå 1964 «Det lydde eit bod – Om Aslaug Vaa og diktinga hennar» av Leif Mæhle «Bygda og verda» av Leif Mæhle i Dag og Tid (redigert utdrag av artikkelen ovanfor) Aslaug Vaa av Leif Mæhle i Norsk biografisk leksikon 1. utg Aslaug Vaa av Sigrid Bø Grønstøl på Allkunne

kategori:nynorskforfattarar kategori:norske forfattarar kategori:folk frå Kviteseid kategori:folk frå Vinje Kategori:Vinnarar av Melsom-prisen