Olaug Nilssen () er ein norsk forfattar. Ho debuterte i 1998 med romanen Innestengt i udyr, og arbeider som bokmeldar og forfattar av skjønnlitteratur og sakprosa.
Nilssen voks opp i Solheimsdalen i Førde kommune og busette seg seinare i Bergen, der ho mellom anna studerte litteraturvitskap. Ho har vore aktiv i tidsskriftet Vagant, og var, saman med Gunnhild Øyehaug, redaktør for det no nedlagde litterære tidsskriftet Kraftsentrum. Ho var leiar for Skrivekunstakademiet i Hordaland frå 2008 til 2010.
Olaug Nilssen er blitt kåra til ein av dei ti viktigaste unge forfattarane i Noreg. Forfattarskapen hennar er allsidig og prega av humor.
Nilssen var festspeldiktar på Dei Nynorske Festspela i 2006.
Få meg på, for faen vart filmatisert i 2011.
Tung tids tale er dramatisert av Riksteatret i samarbeid med Det Norske Teatret og Kilden Teater og Konserthus.
Bibliografi Bøker
I bøker - eit utval
Omsetjingar
Prisar og utmerkingar Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond 2004 Sigmund Skard-stipendet 2004 Sunnmørsprisen 2005 Bergensprisen (Natt&Dag) 2005 Brageprisen 2017 i klassen skjønnlitteratur for voksne for Tung tids tale
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Presentasjon av Olaug Nilssen på nettstaden til Bergen Offentlige Bibliotek Presentasjon av Olaug Nilssen på nettstaden til Samlaget Om Olaug Nilssen i Allkunne
Om Olaug Nilssen i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Kategori:Norske romanforfattarar Kategori:Norske skjønnlitterære debutantar i 1998 Kategori:Målfolk Kategori:Kvinner frå Sogn og Fjordane Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Forfattarar frå Førde Kategori:Folk frå Førde Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Norske dramatikarar Kategori:Vinnarar av Brageprisen