Hernar er ei øy og eit gardsnamn heilt nord i Øygarden kommune i Vestland. Øya har om lag 15 fastbuande, men mange feriebustader. Øya er veglaus, men har rutebåtsamband til Hellesøyna.
Namnet har samanheng med norrønt hjarsi, ‘isse’, og hjarni, ‘hjerne’. Truleg kjem det av den hovudliknande høgda på øya. Hedno har òg med hår eller hårfeste å gjere. Namnet har vorte skrive på særs forskjellige måtar gjennom tidene, mykje på grunn av at danske embetsmenn ikkje var sikre på tydinga. «Hernar» er den same forma som vart nytta i gammalnorsk, og er ei fleirtallsform.
Folketalsutvikling: 1801Folketeljing 1801 for Manger prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Manger herred, frå Digitalarkivet 58 103
Kjelder
Kategori:Øyar i Øygarden