André Bergdølmo () er ein norsk tidlegarefotballspelar fødd i Oslo. Han er er juniortrenar for Sarpsborg 08 Fotballforening.
Han var forsvarsspelar og er mest kjend for sine sesongar i Lillestrøm Sportsklubb og Rosenborg Ballklub. I tida 1997-2005 spelte Bergdølmo 63 landskampar for Noreg. Etter han la opp som aktiv har han prøvd seg som fotballtrenar.
Fotballspelar Bergdølmo starta fotballkarrieren i Skjetten SK, og gjekk derifrå til Lillestrøm i 1991, der han skapte seg eit namn som ein av ligaens mest talentfulle sidebackar. Han spelte seks sesongar på Åråsen, før han våren 1997 gjekk til Rosenborg under særs kontroversielle omstende. Bergdølmo sa at han ville leggje opp for å arbeide med andre ting, for så heilt uventa å skrive under for Rosenborg. Han debuterte på landslaget seinare same året.
Bergdølmo vann fire seriemesterskap som Rosenborg-spelar, og var i den norske troppen under EM-sluttspelet i 2000, der han spelte alle kampane til Noreg. Etter EM gjekk han til den nederlandske toppklubben Ajax. I Ajax vart han omskulert til midtstoppar (men var framleis back på landslaget), og vart nederlandsk ligameister og cupmeister i 2002. Same året fekk han Kniksenprisen, som Noregs beste fotballspelar dette året.
Sommaren 2003 gjekk Bergdølmo til den tyske klubben Borussia Dortmund, der han spelte to sesongar, før han skreiv under for FC København sommaren 2005.
Klubbkampar og -mål KlubbKampar*Mål*Periode Skjetten??1988-1990 Lillestrøm11591991-1996 Rosenborg8341997-2000 Ajax6662000-2003 Borussia Dortmund2802003-2005 FC København3332005-2007 Strømsgodset4372007-2008 Sørum 2882009 * Berre seriekampar.
Kjelder
Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Lillestrøm-spelarar Kategori:Rosenborg-spelarar Kategori:Strømsgodset-spelarar Kategori:Norske fotballspelarar i Tyskland Kategori:Borussia Dortmund-spelarar Kategori:Norske fotballspelarar i Nederland Kategori:Ajax-spelarar Kategori:Norske fotballspelarar i Danmark Kategori:FC København-spelarar Kategori:Idrettsutøvarar frå Oslo Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2000