Khaiyr er ein vulkansk innsjø i Jakutsk, aust i Sibir. Han har eit overflateareal på om lag 0,29 km² og har lite fisk. Djupet i innsjøen er ukjend. Namnet kjem frå mongolsk og tyder 'å elske'.
Sjømonster
I 1964 hevda ei gruppe forskarar frå Moskva Universitet at dei hadde sett eit dyr med førhistorisk utsjånad under ein ekspedisjon ved innsjøen.
Sidan Khaiyr ligg over ein aktiv vulkan har skeptikarar peikt på at synet av dyret truleg har vore gassbobler som har brote i overflata på grunn av skjelvingar frå vulkanen. Sidan innsjøen ligg isolert til vert han sjeldan vitja og det har ikkje vorte rapportert om fleire observasjonar.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lake Khaiyr» frå , den 29. august 2008. oppgav desse kjeldene: Tim Dinsdale, Monster Hunt, s. 36-38
Kategori:Innsjøar i Russland Kategori:Innsjøar med kryptidmytar Kategori:Sakha