Nivsjera (russisk Нившера) er ei elv i Republikken Komi i Russland og ei av sideelvane til Viserja frå venstre.

Ho er 215 km lang og har eit nedslagsfelt på 4250 km². 25 km frå munningen er middelvassføringa hennar om lag 42 m³/s. Ho frys til tidleg i november og vert isfri att tidleg i mai.

Dei største sideelvane hennar er Rasia, Potiu og Lymva, alle frå venstre.

Nivsjera spring ut frå toppen av Otsjparma i Timanhøgdene i Komi. Ho renn sørover og etter kvart vestover. Elva er svingete og mottar mange sideelvar.

Nivsjera renn ut i Visjera i landsbyen Bogorodsk.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Нившера (река)» frå , den 29. september 2008.

Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Komi