Svake verb eller linne verb er ei gruppe verb som i germanske språk markerer tidskifte med ei bøygningsendring.
Svake verb i norsk Standardinndeling Svake verb vert i nynorsk inndelte i fire bøygningsklassar, ei med -ar i presens og -a i preteritum, ei anna med -er i presens og -te eller -de i preteritum, ei tredje med verb som endar på rotvokalen og ei fjerde utan ending i presens.
kl.infinitivpresens (notid)preteritum (fortid)perfektum partisipp1.lyselyserlystelyst2.adømmedømmerdømdedømt2.b [sideform].brennebrennerbrende [brente]brent2.cinteressereinteressererinteresserteinteressert2.dgjeregjergjordegjort3.trutrurtruddetrutt el. trudd4.teljeteltaldetalt
Problem med denne inndelinga
Denne inndelinga er ikkje uproblematisk. Tre av dei fire klassene dannar nemleg ulike stammeklasser av same bøyingsklasse, K-klassa: Verb med infinitiv på trykksterk vokal har suffiks -dde (nå - nådde), dei med infinitiv på tonem 1 og -ere har -te (interessere - interesserte), mens dei verba som har stamme på trykksvak vokal er delt i to bøyingsklasser, K-verba (leve - levde, tenke - tenkte (suffikset er stemt eller ustemt etter om stammevokalen er stemt eller ikkje) og V-verba (kaste - kasta). Med eit skilje mellom stammeklasse og bøyingsklasse får norsk to bøyingsklasser: K-verb (med suffiks -dde, -de, -te fordelt etter stammeklasse), og V-verb (med suffiks -a).
Sjå òg: Sterke verb Preterito-presentiske verb Ivar Aasen: Norsk Grammatik
Kjelder: Olav T. Beito: Nynorsk grammatikk Det Norske Samlaget 1986 ISBN 82-521-2801-7 Trosterud, Trond: Morfologi i Bye, Trosterud og Vangsnes: Innføring i språkvitskap., Det Norske Samlaget.
Kategori:Norsk språk Kategori:Lingvistisk morfologi