Stongfjorden bedehuskapell står i den tidlegare industristaden Stongfjorden i Askvoll kommune i Vestland, og er eit ombygd bedehus frå 1908.

Bedehuset vart vigsla til kyrkjeleg bruk 6. desember 1914, men fekk ikkje kor før i 1970. Klokketårnet kom til i 1971, etter at kapellet hadde hatt ein stopul sidan 1949. Gravstaden ved kapellet vart teken i bruk i 1950.

Kapellet høyrer til Askvoll sokn i Sunnfjord prosti og fram til utfasinga av prestegjelda frå 2004 låg det i Askvoll prestegjeld. Før det vart vigsla til kyrkjeleg bruk sokna folk i området til Askvoll kyrkje.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Om Askvoll sokn på nettstaden til Den norske kyrkja Oversyn over gravminne i Askvoll kommune på nettstaden disnorge.no Skanna kyrkjebøker frå Sogn og Fjordane på nettstaden til Arkivverket

Kategori:Kyrkjer i Askvoll Kategori:Kulturminne i Askvoll Kategori:Kyrkjer i Sunnfjord prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1908 Kategori:Bedehuskapell i Vestland