Amazonasbekkenet, ofte kalla Amazonasbassenget, er nedbørsfeltet i Sør-Amerika som er drenert av Amazonaselva med sideelvar. Nedbørsfeltet dekkjer eit område på rundt 7 300 000 km² eller rundt 40 prosent av det søramerikanske kontinentet. Amazonasbekkenet har størst areal innanfor Brasil, men ligg òg i Peru, Bolivia, Colombia, Ecuador, og Venezuela, og grensar dessutan mot Guyanaregionen. Amazonasbekkenet er avgrensa av Guayanaskjoldet i nord, Andesfjella i vest og cerrado- savannar i sør.

Utanom grensestrøka i vest og nord ligg nedbørsfeltet i lågtliggande terreng, det meste dekt av regnskogen i Amazonas. Med eit område på 5,5 millionar km² med tett tropisk skog, er regnskogen i Amazonas den største regnskogen i verda.

Amazonaselva byrjar i Andesfjella vest for bassenget med vektige sideelver som Marañón, Apurímac og Mantaro i Peru. Andesfjella i Peru utgjer òg dei høgaste punkta i det vestlege vasskiljet.

Med ei lengd på rundt 6400 km frå dei fjernaste kjeldene til utlaupet i Atlanterhavet, er ho ei av dei to lengste elvane i verda. Eit team av forskarar har hevda at Amazonas er lengre enn Nilen, men debatten om kor presist dette er held fram. Amazonas-systemet transporterer det største volumet av vatn i verdas elvesystem, og utgjer omtrent 20 % av det totale ferskvatnet som blir ført til havs av elvar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger dels på «Amazon basin» frå , den 27. januar 2024

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Regionar i Sør-Amerika Kategori:Nedslagsfelt i Sør-Amerika