mini|Runesteinen Sö39 funnen i Vagnhärad i Sverige, med innskrifta «Hermóðr lét hǫggva at Bergvið/Barkvið, bróður sinn. Hann drukn[a]ði á Líflandi.» («Hermod let hogga til Bergvið/Barkvið, broren sin. Han drukna i Livland.»).
Hermod er eit norsk mannsnamn, truleg lånt frå tysk, men opphavleg norrønt Hemóðr , samansett av hær og mot (hugrørsle).
Hermod har namnedag i Noreg den 29. januar.
Hermod i norrøn mytologi I norrøn gudelære er Hermod sonen til Odin; han reid Sleipner til Helheim for å hente attende Balder. I Béowulf er det nemnd ein kong Heremod, som skal ha vore konge i Jylland eller Danmark, men som kom til ein lei ende. Det er mogleg at minnet om denne kongen kan ha overlevd som son av Odin i norrøne overleveringar. I mange kjelder er det Odin sjølv som er sjeleføraren og reiser til Helheim.
Bruken av namnet i Noreg Namnet har vore bruka som førenamn sidan 1300-talet, og bruken nådde ein førebels topp i første halvedelen av 1900-talet. Ved folketeljinga i 1801 var det ein gut som het Hermod, han budde i FosnesFolketeljinga 1801 Ved folketeljinga i 1900 var det 56 som hadde dette namnet I 2008 var det 520 som hadde Hermod som første fornamn.
Kjende namneberarar Hermod Skånland (1925–2011), norsk bankmann Hermod Bjørkestøl (f. 1944), norsk idrettslagmann
Kjelder Folketeljingar i Digitalarkivet Olav Veka 1991: Namneboka, Det Norske Samlaget ISBN 82-521-3604-4
Bakgrunnsstoff
Kategori:mannsnamn kategori:førenamn av norrønt opphav kategori:Førenamn av tysk opphav