«Rocky Raccoon» er ein song av The Beatles på dobbeltalbumet The Beatles (White Album) frå 1968. Han er skriven av Paul McCartney, men som vanleg tilskriven Lennon/McCartney.

McCartney fekk inspirasjon til songen då han spelte gitar for John Lennon og Donovan i India. The Beatles og vener var i 1968 her for å studere transcendental meditasjon.

Charles Manson feiltolka (som med andre Beatles-songar) «Rocky Raccoon» til å vere føreseieleg om rasekrig mellom kvite og svarte. Då tilhengjarane til Manson massakrerte Sharon Tate og andre den 9. august 1969 prøvde dei å få massakren til å sjå ut som om afroamerikanske menn var skuldige ved å legge igjen førarkortet til ein svart mann.

Songen, som ei stund heitte «Rocky Sassoon», er ei parodisk western-historie, støtta opp av eit tidstypisk honky-tonk piano spelt av produsent George Martin. Teksten har fleire teatralske element, som «Her name was Magill / and she called herself Lill / but everyone knew her as Nancy,» og fleire referansar til Gideons bibel. Gideon Society er ei gruppe som plasserer biblar på hotell.

Now somewhere in the black mountain hills of Dakota There lived a young boy named Rocky Raccoon And one day his woman ran off with another guy Hit young Rocky in the eye, Rocky didn't like that He said I'm gonna get that boy So one day he walked into town Booked himself a room in the local saloon.

Då Lennon vart spurt om songen sa han bitande: «Trur du verkeleg eg kunne ha skrive ein song om Gideons bibel og slike ting?»

Medverkande Paul McCartney – solovokal, akustisk gitar, bass John Lennon – korvokal, harmonium, 6-strengsbass, munnspel George Harrison – korvokal Ringo Starr – trommer George Martin – honkytonkpiano Personell per Ian MacDonald

Sjå òg «Piggies» av George Harrison frå same album.

Bakgrunnsstoff Songteksten

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Rocky Raccoon» frå , den 8. februar 2009.

Kategori:Songar frå 1968 Kategori:The Beatles-songar Kategori:Songar produserte av George Martin Kategori:Komedierock-songar Kategori:Songar skrivne av Lennon–McCartney Kategori:Countryrocksongar Kategori:Richie Havens-songar Kategori:Benny Goodman-songar Kategori:Phish-songar