Otorohanga er ein by i King Country i den sørlege delen av regionen Waikato på Nordøya på New Zealand. Det er ein tenestestad for det omliggjande jordbruksområdet som baserer seg på mjølkeproduksjon. Ved folketeljinga i 2006 var folketalet 2 589, ein nedgang på 42 frå 2001

Byen ligg 53 km sør for Hamilton og 18 km nord for Te Kuiti, ved elva Waipa River.

Otorohanga har eit aviarium, Otorohanga Kiwi House, som hyser fleire artar kiviar, og andre stadeigne fugleartar på New Zealand, i tillegg til stadeigne krypdyr. Byen er òg innfallsåra til grottene og busetnaden Waitomo Caves, som ligg om lag 15 minuttar unna og som har eit folketal kring 300. Byen har vorte kjend som Kiwianabyen på New ZealandOpplysingar om Kiwianabyen.

Otorohanga District

Otorohanga er ein del av, og sete til det styrande organet Otorohanga District Council i Otorohanga Territorial Authority (Otorohanga District). Distriktet har eit folketal på 9 075, og Otorohanga er det største senteret. Andre tettstader i distriktet er mellom anna Te Kawa og Kawhia. Flatevidda til distriktet er 2 063,44 km². Otorohanga District vart oppretta i 1979.

Harrodsville I 1986 endra byen ei kort stund namnet sitt til «Harrodsville». Ein forretningsdrivande i Otorohanga, med Harrod som etternamn, kalla forretningen sin «Harrod’s», noko som førte til trugsmål om rettsleg søksmål frå Mohammed Al Fayed, eigaren av Harrod's kjøpesenter i London. Ettersom innbyggjartalet I Otorohanga var mindre enn 3000, såg folk på dette som ei svært uvenleg og uhøfleg handling.

Bystyret i Otorohanga svara med å offisielt endra byen sitt namn til «Harrodsville», og alle lokale forretningsverksemder skifta namna sine til Harrod's. Etter at det vart skrive nidviser om dette i britiske tabloidaviser, gav Al Fayed opp å iverksetja juridiske tiltak, og «Harrodsville» og forretningane der tok attende dei tidlegare namna sine.

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Otorohanga» frå , den 28. februar 2009.

Bakgrunnsstoff Distriktstyret si heimeside Otorohanga lokalsamfunn si heimeside Langtidsplan for Otorohanga 2006-2016

Kategori:Busetnader i Waikato Kategori:Distrikt på New Zealand Kategori:Byar på New Zealand