Kruševac (serbisk Крушевац) er ein by og ein kommune i Serbia. I 2022 hadde sjølve byen 53 746 innbyggjarar, medan kommunen hadde 113 582. Kruševac er det administrative senteret i distriktet Rasina.

Historie og monument Kruševac vart grunnlagd i 1371.СО Крушевац, званична презентација Det var i Kruševac at den serbiske adelsmannen Lazar, samla ein serbisk hær mot Det osmanske riket i slaget ved Kosovo i 1389. Ruinane av palasset hans er framleis synleg i dag. Her står òg ei kyrkje frå same periode med vakre rosevindauge og skulpturar av påfuglar, drakar og ørner på veggane. Fleire gamle, tyrkiske hus finst framleis i byen, mellom anna ei tyrkisk fontene og eit bad.

Det finst òg eit stort monument tileigna slaget i Kosovo (Бој на Косову, Boj na Kosovu). Som ein del av monumentet finst ein statue av den kjende serbiske diktaren og «gusle»-spelaren Filip Višnjić.

Befolkningsutvikling

+ Historiske folketal År Folketal 1948 87 853 1953 94 827 1961 103 190 1971 118 016 1981 132 972 1991 138 111 2002 131 368 2011 128 752 2022 113 582

Busetnader Dei største busetnadane i kommunen er:

Folketal 2002 Folketal 2011 Folketal 2022 Kruševac 57 347 58 745 53 746 3 366 4 059 3 924 3 154 3 114 2 770 2 369 2 604 2 423 2 775 2 687 2 380 1 929 2 375 2 071 2 682 2 382 1 993 2 101 2 175 1 942 2 179 2 026 1 809 2 040 1 784 1 537

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kruševac» frå , den 23. mars 2009.

Referansar

Bakgrunnsstoff Offisiell nettside Sjølvstendig nettportal Krusevac online Kruševac mali oglasi

Kategori:Tidlegare hovudstader Kategori:Busetnader grunnlagde i 1370-åra Kategori:Byar i regionen Šumadija og vestlege Serbia Kategori:Byar og tettstader i distriktet Rasina Kategori:Distriktet Rasina