Kenneth Thomas «Kenney» Jones () er ein engelsk trommeslagar som er mest kjend som medlem av Small Faces, Faces og The Who.BRITISH FILM INSTITUTE: Kenney Jones
Jones var med i The Small Faces frå 1965 til bandet vart oppløyst i 1969. Då Steve Marriott gav seg, var han med på å starte The Faces saman med dei gjenverande medlemmene frå The Small Faces samt Rod Stewart og Ron Wood frå The Jeff Beck Group. Då Stewart fekk stor suksess som soloartist medan Wood starta å spele med The Rolling Stones, vart The Faces mellombels oppløyst i 1976. To år seinare døydde trommeslagaren i The Who, Keith Moon, og Jones tok over. Han spelte med The Who fram til 1985.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kenney Jones» frå , og «Kenney Jones» frå den 4. mai 2009. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Engelske rocketrommeslagarar Kategori:Small Faces-medlemmar Kategori:The Who-medlemmar Kategori:Folk frå Stepney Kategori:Musikarar frå London Kategori:Rock and Roll Hall of Fame Kategori:Britiske rhythm and blues boom-musikarar Kategori:Britiske studiomusikarar Kategori:Faces-medlemmar Kategori:Engelske studiomusikarar