thumb|Trearbeid med BDS sitt merke. mini|Bygningen til Det Bergens Dampskibsselskab på Bradbenken. Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) var eit reiarlag som vart stifta i Bergen den 12. desember 1851. Føremålet var å drive rutetrafikk mellom Bergen og hansastaden Hamburg i Tyskland, og reiarlaget fekk sitt første skip DS «Bergen» året etter etableringa. Opp gjennom åra starta BDS fleire ruter til andre europeiske land, og seinare til Amerika og Afrika. BDS var òg i Hurtigruta frå 1894 til 1979. I 1927 fekk BDS overlevert luksus-cruiseskipet MY «Stella Polaris» som skulle gjere Bergenske sitt namn kjend over heile verda.
I Bergen var BDS ein institusjon og hadde på det meste ein flåte på 40-50 skip, eige verkstad og slepebåtar, hotell og intendanturavdeling, slakteri og vaskeri, dampskipekspedisjon og reisebyrå, med dotterselskap og agentur over heile Europa. Det høgaste ein kunne nå i borgarskapen i Bergen var å bli direksjonsmedlem i Bergenske.
Under Thomas Falcks leiing gjennom den andre verdskrigen tok BDS på seg ei mengde oppdrag for den tyske okkupasjonsmakta, deriblant frakt av sement frå Tyskland til Noreg. Samstundes var 13 av reiarlaget sine skip under Nortraships (og dermed alliert) kontroll.
I november 1984 vart Bergenske kjøpt opp av Sandefjordselskapet Kosmos AS og vidareselt til RoNoTro AS i desember 1988. BDS vart då delt opp, og verksemda vidareført av dei nye eigarane. BDS sitt skorsteinsmerke med tre kvite ringar forsvann såleis for alltid.
Historie Bakgrunn I 1850 var økonomien i Bergen basert på handel og skipsfart, med fiskehandelen frå Nordland og sildefiskeria som den økonomiske drivkrafta. Næringslivet i Bergen hadde nærast stagnert sidan 1814 og som sjøfartsby hang Bergen etter mange av dei andre sjøfartsbyane i landet. Dette kom til å endre seg drastisk i 1850-åra.
Oppstarten mini|Michael Krohn var sterkt delaktig i skipinga av Det Bergenske Dampskibsselskap Michael Krohn kom frå ein velståande tysk handelsfamilie og hadde oppretta det første sjøforsikringsselskapet i landet i 1845. I tillegg hadde han gjort mykje godt for byen som gassbelysning og bygginga av Nygårdsbrua. I 1851 byrja han å arbeide for å få eit dampskipreiarlag for rutefart til Kristiansand og Hamburg, som skulle hjelpe på handelen i byen. Det Bergenske Dampskipsselskab AS vart formelt stifta på Bergen Børs den 12. desember 1851. Michael Krohn vart direktør i reiarlaget og sat i direksjonen i lag med rittmeister A.W. Muller, skipsbyggarmeister Jørgen Brunchorst, kommandør Chr. Ege Busch og bankbokhaldar Johan Wallace.
Krohn hyrte kaptein Jacob Rieck Ege som maritim ekspert og han vart send til Hamburg og England for å skaffe eit skip. I januar 1852 fekk Ege kontakt med verftet til Thomas Toward i Newcastle og bestilte ein hjuldampar for 10 000 pund. Krohn hadde i utgangspunktet ønskt seg ein skruedampar (med propell), men resten av styret gjekk for ein hjuldampar. Skipet fekk namnet «Bergen» og glei inn på Vågen den 3. desember 1852 til salutt frå Bergenhus festning.
Dei første fartøya Sidan det var is på elva opp til Hamburg, kunne ikkje rutefarten starte med det same, og det første oppdraget «Bergen» fekk var å slepe det havarerte dampskipet «Bjørgvin» frå Sognefjorden til Bergen. Selskapet vart òg samde med staten om ein kontrakt på postbefordring mot 4 000 spesidalar i året. Den første turen til Hamburg kom i gang 15. februar 1853 med stopp i Stavanger og Kristiansand. Det vart planlagt at ruta skulle gå to rundturar i månaden og det gjekk raskt særs godt med mykje gods og passasjerar. Dette gjorde at selskapet såg seg om etter eit nytt fartøy. Ege vart send til England att og bestilte eit skip hos Wingate & Co i Glasgow, ein hjuldampar i jarn som skulle vere ti fot lengre og to fot breiare enn «Bergen». Skipet fekk namnet «Norge» og kosta 15 500 pund eller 70 000 spesidalar. Skipet kom til Bergen i november 1854 og vart sett inn i ruta til Hamburg i lag med «Bergen».
Samstundes hadde Krohn byrja å planleggje kystfart frå Bergen og nordover i landet og fekk bygd eit skip ved Caird & Co i Greenock. Det vart ein skruedampar, eit dampskip med propell og ikkje skovlhjul, og vart levert i 1856 som «Nordstjernen».
Bergenske skulle no ha tre fartøy og planla å utvide ruta nordover til Trondheim, men like over midnatt 10. september 1855 kolliderte «Bergen» og «Norge» mellom Odderøya og Oksøy fyr utafor Kristiansand. Dei fleste passasjerane var gått til køys då «Norge» gjekk ut frå Kristiansand, medan «Bergen» var på veg inn. «Bergen» ville passere på babord side, men då dei var kring 200 meter frå kvarandre kommanderte losen på «Bergen» å gå hardt babord, og like etter skar baugen seg inn i babord side av «Norge». Etter 15 minuttar sokk brott «Norge» og 40 menneske mista livet. Dette var den første store dampskipkatastrofen i landet og førte til mykje diskusjonar om tryggleiken i åra framover. I sjøforklaringa fekk «Norge» all skulda og kaptein Ibsen vart dømd til 160 dagar i fengsel.
«Norge» var verdsett til 73 000 spesidalar, men var ikkje forsikra, så tapet av skipet råka selskapet hardt. Då «Nordstjernen» var klar, vart ho sett inn i ruta til Hamburg, og våren 1856 vart ruta utvida til Trondheim - Hamburg. Selskapet klarte å skaffe kapital, 70 000 spesidalar, til eit nytt dampskip og «Jupiter» vart levert i 1857.
Då Bergenske utvida ruta si nordover til Trondheim, skapte dette sterke reaksjonar hos trønderane, som sjølv hadde skipa Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab og kjøpt fartøyet «Nidelven». Dette vart òg sett inn i ruta til Hamburg. Etter medverknad frå Postbestyrelsen vart ruta samordna med ruta til Bergenske og dei to reiarlaga innleia eit samarbeid som varte i 128 år.
North of Europe Steam Navigation Co i Hull hadde etablert seg som det dominerande reiarlaget i farten mellom Skandinavia og England, medan interesser i Kristiansand og Oslo gjekk saman og skipa Det Søndenfjeldske Norske Dampskibsselskab. Dette reiarlaget sette opp ruter frå Oslo til Hamburg via Sørlandet. Etter kvart gjekk North of Europe, Søndenfjelske og Bergenske saman i eit samarbeid om felles fraktsatsar.
Ruter til Nord-Noreg
Før 1860 hadde Staten teke seg av postfrakta i landet og dreiv sju dampskip i forskjellige ruter. Etter kvart som det dukka opp stadig fleire private reiarlag med dugelege fartøy, overlet Staten postrutene til private mot eit årleg bidrag. I september 1859 vart den statlege ruta mellom Bergen og Trondheim avvikla og overteken av Bergenske.
Mange kjøpmenn i Bergen ønskte ei fast rute til Nord-Norge og ei gruppe kjøpmenn, fleire av dei storaksjonærar i Bergenske, gjekk saman og skipa Det Nordlandske-Finmarkske Dampskibsselskab den 27. april 1863. Dei kjøpte «Finmarken» frå England, som vart sett inn i rute nordover. Alt i mars 1864 vart det avgjort at selskapet skulle gå inn i Bergenske. Dette gjorde at dei no stod sterkt rusta til å overta dei statlege rutene og etablerte den sterke stillinga dei kom til å ha i farten til Nord-Noreg.
I 1865 fekk Bergenske og Nordenfjeldske kontrakt på ruta frå Bergen og Trondheim til Tromsø og Hammerfest. I 1868 vart dei eksisterande rutene til Hamburg og Nord-Noreg styrkt med nybygginga av «Kong Carl», som var bygt spesielt for å ta seg av sildeeksporten frå dei rike storsildefiskeria i Nordland og Troms. Rutene nordover vart òg utvida til Vardø. «Bergen» vart avløyst i Hamburg-ruta og sett inn i ruta Bergen - Oslo, så Bergenske og Nordenfjeldske hadde no eit samanhengande rutenett frå Oslo til Vardø. I 1878 kjøpte Bergenske to svenske dampskip, «Svea» og «Gøta», for rutefarten mellom Lofoten og Bergen.
Det gode fisket i Nord-Noreg gjorde godt for kystfarten og konkurransen tok seg opp. Reiarlaget Krohn-linjen bygde seg opp kring 1870 og overtok i 1871 eit nybygd dampskip frå Bergen Mekaniske Verksted, «Michael Krohn». Det vart sett inn i fart til Nord-Norge og gjorde det så godt at det vart bygt to nye skip ved BMV, «Præsident Christie» i 1872 og «Jonas Lie» i 1873.
På Grøtøy gamle handelsstad i Steigen hadde Arent Schønings Sønner fått bygt «John Schøning» i 1872 for fart mellom Tromsø og Oslo. I 1875 vart dette fartøyet erstatta av eit større med same namn og ein av eigarane, Bergiton Schøning, etablerte seg som forretningførar i Bergen og tilsette ein ekspeditør der. Desse tre fartøya gjekk i rute mellom Bergen og Nord-Noreg og etter den store sildeboomen var over i 1878, byrja Schøning og Krohn-linjen å samarbeide i eit nytt selskap, Det Bergensk-Nordlandske Dampskibsselskab. I 1882 bygde desse skipet «Ole Bull».
Både «Michael Krohn» og «Johan Schøning» hamna i alvorlege havari i 1883 og selskapet hamna i store økonomiske problem. Ein byrja derfor å forhandle med Bergenske om ei overtaking, og etter kvart vart òg Nordenfjeldske med i diskusjonane. Ved loddtrekning fekk Bergenske overta «Johan Schøning», som fekk namnet «Juno», og «Jonas Lie», medan Nordenfjeldske fekk «Ole Bull» og «Præsident Christie».
Ruter sørover mini|DS «Jupiter» i Trondheim i 1893. Då vart levert i 1856 og byrja å gå til Hamburg, vart «Bergen» reserveskip som stundom gjekk i rute mellom Bergen og Oslo. Etter kvart vart ruta fastare. «Bergen» forliste utanfor Mandal i 1871 og Bergenske kjøpte då «Thor» for denne ruta.
Søndenfjeldske hadde hatt rutefart mellom Oslo og Tromsø sidan 1867, og då Bergenske og Nordenfjeldske byrja å samarbeide om ruta mellom Bergen og Tromsø i 1872, ønskte dei òg å samarbeide med Søndenfjeldske eller bli kvitt konkurransen. I 1874 utvida Bergenske og Nordenfjeldske ruta mellom Bergen og Tromsø til Oslo med fire skip og inviterte med seg Søndenfjeldske. Samstundes vart ruta forlenga til Stettin i Preussen, men dette førte til motstand frå Det Forenede Dampskibs-Selskab (DFDS) i Danmark, som alt segla Stettin-København-Oslo og Stettin-Danmark-Vestlandet. Dei norske reiarlaga gav derfor opp ruta til Stettin, og samstundes trekte Søndenfjeldske seg ut av samarbeidet og la ned ruta si til Vestlandet. Dermed kunne Bergenske og Nordenfjeldske etablere seg sterkare i Oslo.
I 1885 hadde Bergenske tre hovudruter, som alle vart utført i samsegling med Nordenfjeldske: Hamburg-Bergen-Trondheim-Tromsø, Oslo - Nord-Noreg ein gang i veka og Bergen - Lofoten/Tromsø (Krohn-linjen). I alt hadde Bergenske tolv fartøy i desse rutene og med desse forsvann mykje av jektefarten med klippfisk, tran og fiskeprodukt til bergenske kjøpmenn.
Turisttrafikk Reisebyrået Thomas Cook i London arrangerte i 1875 den første gruppereisa til Nordkapp med skipet «Presidænt Christie», som då var eigd av Krohn-linjen. Krohn-linjen innsåg at det vart gode pengar å tene på turistane og sommaren 1877 gjekk både «Presidænt Christie», «Michael Krohn» og «Jonas Lie» i turistruter nordover. Dette førte til at Bergenske og Nordenfjeldske byrja å kombinere rutefarten sin med turistreiser frå sommaren 1879, og dei byrja mellom anna å segle på nordsida av Magerøya for at turistane skulle få sjå Nordkapp. Samstundes byrja ein å marknadsføre desse turistreisene.
«Nordstjernen» grunnstøytte i tåke i juni 1881 på Knivskjellodden og eit nytt skip vart raskt bestilt frå Rostock og levert i 1882. Dette fekk òg namnet «Nordstjernen» og hadde lugarar for 64 passasjerar. I 1885 fekk Bergenske levert det nye flaggskipet sitt, «Capella», som særskild vart bygt med tanke på sommarturistane.
I løpet av få år byrja turistane å setje preg på både Bergen og bygdene på Vestlandet, og det vart bygt hotell og betre vegar, medan bøndene skaffa hestar og karjolar for å skysse turistane rundt.
I 1883 vart den første reine turistruta sett opp med «Nordstjernen» frå Trondheim til Molde og Nordkapp. I juni og juli 1884 gjekk det to ruter i veka mellom Trondheim og Nordkapp med «Nordstjernen» og DS «Lofoten». Seinare vart ruta utvida til Bergen og i 1890-åra var det og som gjekk i denne turistruta. mini|DS «Capella» i Hammerfest i 1890