Torstein Lofthus () er ein norsk trommeslagar, opphavleg frå Øystese i Kvam herad. Han har teke utdanning ved Norges Musikkhøgskole og har hatt innverknad på norsk musikk gjennom studioarbeid, live-konsertar og undervisning. Lofthus spelar både i faste band og jobbar som freelansar. Forutan på dei fleste norske jazzfestivalane, har han m.a. spelt i Kina, USA, Sør-Afrika, England, Tyskland, Frankrike, Belgia, Luxembourg, Sverige, Danmark.

I dag er Lofthus busett i Oslo, der han er aktiv i musikkmiljøet i byen. Av artistane han har spelt saman med, kan desse nemnast:

Marit Larsen Torun Eriksen Maria Mena Maria Solheim Bertine Zetlitz Kurt Nilsen Silje Nergaard Rockettothesky Jarle Bernhoft

Kjelder

Torstein Lofthus på MySpace Omtale om Lofthus på cosmopolitan.no

Lofthus, Torstein Lofthus, Torstein Lofthus, Torstein Lofthus, Torstein