Myr-cree (engelsk Swampy Cree) er eit algonkinsk språk som blir tala av 4500 menneske av ei etnisk gruppe på 5000 på vestsida av James Bay og langs kysten av Hudson Bay i dei kanadiske provinsane Manitoba og Ontario og eit stykke inn i provinsen Saskatchewan. Språket blir rekna som ein dialekt i dialektkjeda cree-montagnais-naskapi. Proto-algonkinsk *r har blitt til n i dette språket, som difor òg blir kalla «n-dialekten», mellom anna i motsetnad til «y-dialekten» prærie-cree (engelsk Plains Cree) og «l-dialekten» elg-cree (engelsk Moose Cree). Myr-cree skil seg òg frå prærie-cree ved å skilje mellom s og š (< proto-algonkinsk *s og *š). Endonymet er ᓀᐦᐃᓇᐌᐎᐣ nēhinawēwin 'cree-språket'.

Fonologi

Vokalar Myr-cree har tre korte og fire lange vokal-fonem; vokallengd er markert ortografisk med ein makron over vokalsymbolet:

+ Vokalar Fremre urunda Sentral urunda Bakre runda Trong i ī Midtre ē o ō Open a ā Av di det ikkje finst nokon kort e, er det vanleg å utelate makronen på ē. I denne artikkelen tek vi makronen med også på ē. I staden for makron blir òg sirkumfleks nytta, med andre ord î ê â ô i staden for ī ē ā ō.

Konsonantar Språket har elleve konsonant-fonem, som her er attgjevne ortografisk:

+ Konsonantar Labial Alveolar Postalveolar Palatal Velar Glottal Plosiv/affrikat p t c k   Frikativ s š h Nasal m n Halvvokal w y

Skrift

Myr-cree-språket blir skrive både med det latinske alfabetet, som vist i avsnittet Fonologi ovanfor, og med det kanadiske stavingsalfabetet, i ein variant som blir kalla aust-cree-stavingsalfabetet, som blir nytta for å skrive myr-cree og elg-cree (engelsk Moose Cree). Det skil seg frå prærie-cree-stavingsalfabetet berre i nokre mindre detaljar. I denne artikkelen er nokre cree-ord skrivne i begge alfabeta.

Kategori:Cree-montagnais-naskapi-språk Kategori:Algonkinske språk Kategori:Språk i Canada Kategori:Einskildspråk