Louisianakreolsk (Kréyol La Lwizyàn) er eit franskbasert kreolspråk som vert snakka av louisianakreolar, som hovudsakleg held til sør og sørvest i delstaten Louisiana i USA. Språket inneheld element frå fransk, indianske språk, spansk og vestafrikanske språk. Grammatikken i språket liknar på den ein finn i haitisk.

Louisianakreolsk blir særleg snakka i St. Martin Parish, New Roads og Edgard i Louisiana. Det finst også talarar i Aust-Texas og i Sacramento i California. Språket er under press både frå majoritetsspråket engelsk, standard fransk og cajun-fransk.

mini|upright|venstre|Akvarell frå 1897 av «Creoles of Color» i New Orleans. Språkprøve

Fader vår på louisianakreolsk (jf. norsk tekst):

Nou Papa ki dan siel-la Fé rekonnet ki to nom sin, Fé ki to règne vini Fé to volonté accompli Sûr la terre konmen dan siel-la. Donné-nouzòt jòrdi dipin ki nou bezwin. Pardon-nou offenses, Konmen nou osi pardon lezòt ki offens nou. Pa laissé nouzòt tombé dan tentation, Mé délivré nou depi mal.

Historie Louisianakreolsk oppstod i den franske kolonien Louisiana gjennom store slaveplantasjar med innførite slavar hovudsakleg frå vestre Afrika. Ein stor del av slavane tala innbyrdes forståelege mandespråk. Området hadde også stor franskspråkleg innverknad, frå sjøfolk, plantasjeeigarar og -arbeidarar og andre fransktalande, etterkvart også cajunfolk som var utviste frå Nova Scotia på midten av 1700-talet. Etter den haitiske revolusjonen kom fleire haitiske flyktningar til Louisiana, noko som også kan ha påverka det lokale kreolspråket, sjølv om tidlegare teoriar om at øykreolsk blei importert til Louisiana verker vera tilbakeviste.

Kjelder

«Louisiana Creole French» på Wikipedia på engelsk, innhenta 27. april 2010.

Bakgrunnsstoff learnlouisianacreole.wordpress.com Tekstar på louisianakreolsk ved centenary.edu

Kategori:Pidgin- og kreolspråk Kategori:Louisiana Kategori:Einskildspråk