Peder Paulsen Balke () var ein norsk soldat, gardbrukar og eidsvollsmann frå Østre Toten.

Balke vart dragon i sønnafjelske dragonregiment i 1801, korporal frå 1808 til 1814. Han vart i 1808 utkommandert til Kongsberg og deltok i 1814 i felttoget mot den svenske invasjonsstyrken.

I 1814 var han utsending frå regimentet sitt til riksforsamlinga på Eidsvoll. Balke stemte med sjølvstendepartiet, men tok sjølv aldri ordet.

Balke overtok farsgarden Østre Balke på Østre Toten i 1813 og dreiv denne til han døydde i 1840.

Kjelder Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914, digital utgåve side 57 Gyldendals store konversasjonsleksikon, 1972

Bakgrunnsstoff

Kategori:Eidsvollmenn Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Østre Toten