Registertonn er eit rommål for måling av rominnhaldet i skip. Eit registertonn er 100 engelske kubikkfot, det vil seie 2,83 m³.
Bruttoregistertonn er volumet av alle lukka rom i eit skip, nettoregistertonn er bruttotonnasjen fråtrekt mannskapsrom, maskinrom, vassballast og anna rom som ikkje kan brukast til last eller passasjerar.
Registertonn var ein del av det britiske Moorsom-systemet, som blei verksamt i det britiske imperiet i 1854, og deretter i store delar av verda. Den internasjonale Skipsmålingskonvensjonen blei ratifisert 23. juni 1969, og innførte tonn som måleining. Registertonn blei fasa ut ein overgangsperiode frå 1982 til 1994.
Kjelder
Norsk Allkunnebok Seilskuteklubben: Registertonn
Kategori:Måleiningar for volum Kategori:Sjøfart