Peter Christian Boye () var ein prest, gardbrukar og stortingsmann frå Kongsberg. Mathias Boye var ein yngre bror.
Boye var fødd på Kongsberg, som son av ein rektor. Han voks dels opp i Trondheim, og var, etter han vart cand. theol. i 1813, adjunkt i byen i tre år. Deretter var han sju år residerande kapellan i Støren. Sokneprest i Sør-Aurdal 1823-29, og Overhalla 1829-35. Frå 1835 til 1859 var han sokneprest i Jevnaker, i tida 1838-51 også prost i Ringerike og Hallingdal.
Boye var 1. representant frå Nordre Trondhjems amt på Stortinget i 1836, og på overordentleg storting 1836-37. Han var i 1836 medlem av kyrkjekomiteen og i 1836-37 av næringskomiteen.
I 1859 tok Boye avskjed frå presteembetet. Han busette seg då på garden Hofstad i Asker og dreiv denne. Der døydde han i 1880.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar for Nord-Trøndelag Kategori:Stortingsrepresentantar 1836-1838 Kategori:Norske prestar Kategori:Folk frå Kongsberg Kategori:Gravlagde på Vår Frelsers gravlund