År 19 (romartal XIX) var eit normalår som byrja på ein sundag i den julianske kalenderen.
Hendingar mini|Triumfbogen til Germanicus i Saintes blei bygd i år 19.
Tiberius av Romarriket utviste alle egyptarar frå Roma og deporterte 4000 jødar til Sicilia.
Den populære romerske generalen Germanicus døydde av forgifting, 33 år gammal. På dødsleiet skulda han Gnaeus Calpurnius Piso, guvernøren av Syria, for å stå bak. Piso og kona Plancina måtte svara for det romerske senatet om skuldingane, og ende opp med å ta liva sine. Ein triumfboge blei bygd for Germanicus i Saintes i noverande Frankrike.
Gondofares blei første kongen av det indo-partiske riket
Det kinesiske verket Hanshu fortel at ein flygemaskin blei brukt og prøvd ut i Chang'an dette året.
Fødde 10. oktober: Tiberius Gemellus, barnebarn av keisar Tiberius.
Døde 10. oktober: Germanicus, romersk general, forgifta. Vonones I av Partia