mini|Bilete av Pingualuit-krateret frå Landsat 7-satellitten.
Pingualuit-krateret (inuktitut for ‘kvise’), tidlegare kalla Chubb-krateret og seinare Ny-Quebec-krateret, er eit meteorittkrater i det nordlege Labrador i Canada. Det er 3,44 km i diameter og fylt av ein 252 meter djup innsjø. Kratersjøen inneheld noko av det reinaste ferskvatnet i verda med eit saltnivå på mindre enn 3 ppm. Det renn verken elvar inn eller ut av innsjøen, så all vasstilførsel skjera via regn eller snøsmelting, og mista berre vatn gjennom fordamping. Kraterranda ligg opp mot 163 meter over vassflata. Den einaste fiskearten i kratersjøen er røye.
Pingualuit er geologisk sett eit ungt krater. Det oppstod for 1,4 ± 0,1 millionar år sidan, under pleistocen.
Strukturen vart oppdaga i 1943, men det vart først då ein utforska det nærare i 1950 ein forstod at det var eit meteorittnedslag. Frederick W. Chubb og V. Ben Meen vitja krateret dette året, og det var på denne reisa at krateret fekk namnet Chubb-krateret. Namnet vart endra i 1954 til «Cratère du Nouveau-Quebec» («Ny-Quebec-krateret») og i 1999 til Pingugluit. Krateret og området kring høyrer i dag til Pingualuit nasjonalpark.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Pingualuit crater» frå , den 19. september 2010.
Kategori:Krater i Canada Kategori:Newfoundland og Labrador