mini|Dingeneset sett frå sjøen mini|Dingeneset sett frå sjøen mini|Dingeneset sett frå sjøen Dingeneset er eit nes som ligg på nordsida av Dingjevågen ved Dingja i Gulen kommune i Vestland. På neset står Dingenes fyr. Dingeneset, ved innløpet til Sognefjorden, var i historisk tid grensa mellom Haurdafylket (Hordaland) og Sygnafylket (Sogn).
Historie Omkring 15 m frå fyrlykta finst ei røys som no er svært øydelagt. Det skal ha vore funne mannebein i røysa. I bronsealderen vart det ofte laga slike røyser over døde stormenn, men ein veit ikkje når røysa på Dingeneset stammer ifrå. I sagaen er det fortalt om eit stort slag ved Dingeneset i år 978 mellom Håkon Ladejarl og kong Ragnfrød Eiriksson. Snorres kongesoger
Fylkesgrense Dingeneset var frå eldgamle tider grense mellom Hordaland og Sogn. Den delen av nåverande Gulen kommune som ligg sør for Dingeneset, høyrte i dansketida inn under futen i Nordhordaland. Også Gulen kyrkje låg under Nordhordland prosti fram til 1773. Da vart Eivindvik prestegjeld, det vil seie det som no utgjer den søre delen av Gulen kommune, lagt under futen i Ytre Sogn og vart ein del av Sogn og Fjordane fylke ( Nordre Bergenhus amt).
Referansar
Litteratur Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, Gulen kommune 1996,
Bakgrunnsstoff NRK fylkesleksikon: «Den gamle fylkesgrensa ved Dingeneset» besøkt 1. november 2010 NRK fylkesleksikon: »Historia i Gulen» besøkt 1. november 2010
Kategori:Geografi i Gulen Kategori:Historie i Gulen