Niels Alstrup () var ein prest og ordførar frå Gulen kommune i Sogn og Fjordane.

Alstrup var son av klokkar i Gulen, Anders Furnæs, og vart oppkalla etter bygdas høgt akta sokneprest Niels Griis Alstrup Dahl. Niels Alstrup byrja på prestestudiet i 1843 og avlagde teologieksamen i 1850. I perioden 1852–53 sat han som ordførar i Gulen, før han flytta til Bergen.Om sokneprest Niels Griis Alstrup Dahl i Sogn og Fjordane fylkesleksikon – NRK Sogn og Fjordane

Ivar Aasen oppheldt seg åtte veker i Eivindvik i 1843 i samband med språkstudia. Her stifta han godt venskap med Alstrup som i lengre tid hadde fått undervising av sokneprest Dahl.Brev frå Ivar Aasen til Maurits R. Aarflot, 11. juni 1843 – Ivar Aasen-tunet Alstrup hadde òg fungert som lærar i lag med faren frå han var 12 år, og aleine frå 15 års alderen. Seinare treftest Alstrup og Aasen fleire gonger hos Alstrup i Christiania.«Andre vitjingar» – Magnor Midtun sine lokalhistoriske nettsider

Alstrup var sokneprest i Namsos frå 1865, seinare i Snåsa. I 1900 var han busett i Bærum,Folketeljinga 1900 for Bærum – Digitalarkivet der han døyde seks år seinare.Kyrkjebok 1905–24 for Østre Bærum – Digitalarkivet

Referansar

Kategori:Ordførarar i Gulen Kategori:Norske prestar Kategori:Folk frå Gulen