Christopher Simonsen Fougner () var ein norsk gardbrukar, veg- og brubyggjar og stortingsmann frå Eiker i Buskerud.

Fougner overtok i 1818 halvparten av farsgarden i Eiker. Denne dreiv han fram til 1851. Han flytta då til garden Økern i Østre Aker, ein gard han hadde eigd sidan 1845. Fougner var oppteken av anleggsverksemd, bygde både vegar og bruer. Største bruene han bygde var dei ved Hønefoss og ved Vikersund. Han var medlem av Hole heradsstyre frå 1837 til -49, ordførar i fleire år.

Fougner representerte Buskeruds amt på Stortinget 1836-45 og 1851. Han var i 1836 medlem av budsjettkomiteen, 1836-37 av gasjekomiteen, 1839 av komiteen om stempla papir, 1839-45 av militærkomiteen. I 1851 var han medlem av Lagtinget og tollkomiteen. Elles var han medlem av skogkommisjonen av 1849.

Han døydde i Aker i 1869.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1836-1838 Kategori:Stortingsrepresentantar 1839-1841 Kategori:Stortingsrepresentantar 1842-1844 Kategori:Stortingsrepresentantar 1845-1847 Kategori:Stortingsrepresentantar 1851-1853 Kategori:Stortingsrepresentantar for Buskerud Kategori:Ordførarar i Hole Kategori:Norske gardbrukarar