Sonja Henie () var ein norsk-amerikansk framifrå og internasjonalt vidgjeten kunstløpar som vann gullmedaljar i kunstløp i tre vinterolympiadar og tok fyrsteplassar i fleire verdsmeisterskap og europameisterskap, og gjorde karriere som profesjonell isdansarinne. Saman med ektemannen, skipsreiaren Niels Onstad, stod ho for skipinga og finansieringa av det viktige norske biletkunstmuseet Henie Onstad Kunstsenter på Høvikodden i Bærum kommune, der premiesamlinga hennar òg er stilt ut.

Sonja Henie vart profesjonell isdansar i 1937, og var deretter med i ei rad internasjonale isshow og i fleire amerikanske skeisefilmar. Ho vart ei av dei internasjonalt mest kjende norske kvinnene, og har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.

Bakgrunn Sonja Henie var fødd i Kristiania som den einaste dottera til Selma Lochmann-Nielsen (1888–1961) og Wilhelm Henie (1872–1937). Ho voks opp i Thomas Heftyes gate, like i nærleiken av Frogner stadion. Faren dreiv ein kåpe- og pelsforretning i Prinsens gate. Begge foreldra hadde arva betydelege formuar.

Faren hadde i si tid sjølv vore aktiv idrettsutøvar, og vart verdsmeister i 100 km banesykling i 1894. Han hadde også ein andreplass i EM i hurtigløp på skøyter 1896. Sonja og broren Leif vart oppmuntra til å driva med idrett frå ung alder. Leif tok med seg systera ut på isen som seksåring, og ein av trenarane i skøyteklubben meinte ho hadde talent. Faren vart svært begeistra, og sette i gang eit omfattande treningsopplegg. Henie vart tatt ut av skolen allereie i fjerde klasse for å gå på skøyter på heiltid. Ho dreiv blant anna også med tennis, symjing og riding i tillegg til kunstløp. Faren hennar sørga for å skaffa henne dei beste moglege trenarane, blant anna den russiske ballerinaen Tamara Karsavina, for at ho skulle kunna nå så langt som mogleg.

Sonja Henie meldte seg inn i Oslo tennisklub (OTK) på sekstenårsdagen sin i 1928. I 1929 tok ho ein delt tredjeplass i NM i tennis i Drammen.

Tevlingar i kunstløp mini|venstre|Sonja Henie i 1924. mini|Sonja Henie, januar 1931.

Henie vann den fyrste større kunstløpkonkurransen sin som tiåring, då ho vann NM i kunstløp. Under vinter-OL 1924 i Chamonix i 1924 enda ho på åttandeplass av åtte deltakarar, i ein alder av 11. Faren klaga høglytt over resultatet, og meinte at dottera ikkje var blitt tatt på alvor. Henie vann den fyrste verdsmeisterskapen sin i 1927, då ho var 14. Det følgjande året vann det fyrste OL-gullet sitt, og forsvarte tittelen i 1932 og 1936. Ho vann ti verdsmeisterskap og seks europameisterskap på rad (1927–1936 og 1931–1936). Ingen andre kunstløparar har vunne tre OL-gull på rad etter at Sonja Henie gjorde det.

Henie vann til saman sju noregsmeisterskap (1923-1929) og vart også noregsmeister i parløp saman med Arne Lie i 1926-1928. I denne tida dreiv ho aktivt med ballett, noko som hadde stor tyding for korleis ho vidareutvikla kunstløp som verdsidrett. Ho gjekk for Oslo Skøiteklub som var ein klubb som som på 1930-talet gjorde mykje for å organisere skeiseløp for kvinner.

Under olympiaden i 1936 i Garmisch-Partenkirchen, der Adolf Hitler var til stades då Sonja Henie sigra suverent, gjorde ho nazihelsing med høgrearmen utstrekt, i motsetnad til 16 år gamle Laila Schou Nilsen (kjend som både skeiseløpar, alpinist og tennisspelar), som vann bronse i alpint, men nekta å gjere nazihelsing. Sonja Henies haldning til nazismen i 1930- og 40-åra har vore kritisert og diskutert. I 1941 vart ho amerikansk statsborgar, og til liks med andre Hollywood-stjerner gav ho støtte til dei amerikanske troppane gjennom United Service Organizations. Men ho tok ikkje avstand frå nazismen og den tyske okkupasjonen av Noreg på ein så klår måte som mange nordmenn og norske immigrantar i USA meinte var på sin plass.

Karriere som profesjonell isdansar og i film mini|Sonja Henie på framsida av Time magazine i 1939.

Etter OL i 1936 vart Henie profesjonell, og berre ein månad etter OL skreiv ho turnékontrakt med den amerikanske manageren Arthur M. Wirtz. Ein av grunnane til at ho gav seg som konkurranseutøvar var at det ikkje var mykje igjen å erobra som idrettsamatør, men yngre utøvarar byrja også å pressa på som sterke utfordrarar. Sonja hadde filmdebutert allereie som 15-åring i ei lita rolle i den norske filmen Syv dage for Elisabeth, og i 1929 spelte ho seg sjølv i dokumentarfilmen Se Norge. Sonja og faren bestemte seg for å satse på ein Hollywood-karriere, og fekk napp hjå Darryl F. Zanuck, sjefen i 20th Century Fox. Sonja debuterte med hovudrolla i Isens dronning (One in a Million) i 1936, som vart ein enorm suksess. Oppfølgjaren På glattisen (Thin Ice) (1937), med Tyrone Power som motspelar, var også ein suksess.

I 1937 vart ho, som den til då yngste, utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. Same året døydde faren Wilhelm Henie brått, noko som for henne ikkje berre var å mista eit familiemedlem, men også den viktigaste manageren og støttespelaren. Etter to nye filmar (Happy Landing og My Lucky Star, begge 1938), fekk ho ein ny femårskontrakt med dollar per film og tre filmar per år, noko som gjorde henne til verdas best betalte filmskodespelar. Skøytescenene var sterkt vektlagde i filmane, der handlinga gjerne gjekk føre seg om vinteren. Sonja spelte ofte ei jente frå eit europeisk land på grunn av den sterke aksenten sin.

Andre verdskrigen og etterkrigstida thumb|Sonja Henie og Rudy Richards opptrer på Jordal Amfi 1955.

Då Noreg vart okkupert av Tyskland i 1940, vart Sonja Henie spurd om å bidra med pengar til treningsleiren Little Norway. Ho svara at ho som amerikansk statsborgar ikkje kunne hjelpa. Etter at USA kom med i andre verdskrigen, ombestemte ho seg, men ho vart aldri heilt tilgjeven for den opphavlege negative haldninga si. I 1941 fekk filmkarrieren til Henie ei ny oppblomstring med blant anna filmen Sun Valley Serenade (norsk tittel Høyfjellets sang). I denne filmen spelte ho ein norsk flyktning, og Glenn Miller med orkester var sentrale i filmen med musikalske klassikarar som Chattanooga Choo Choo, Moonlight Serenade og In the Mood. Også dei to neste filmane var krigsrelaterte (Iceland, 1942, og Wintertime, 1943). Etter desse mista Henie kontrakten med 20th Century Fox, og ho medverka i to filmar til for andre selskap (It's a Pleasure, 1945, og The Countess of Monte Cristo, 1948, norsk tittel Grevinnen av Monte Cristo).

Henie hadde hatt suksess med isshow samtidig med filmkarrieren, og etter at filmkarrieren var over satsa ho fullt på showa. Ho hadde suksess i både USA og Europa, men vitja fyrst Noreg att i 1953, då ho opptredde på Jordal Amfi for titusentals tilskodarar som også omfatta kongefamilien. Framsyningane var vellykka både kunstnerisk og økonomisk, og etter 33 framsyningar hadde folk frå heile Noreg sett showet.Sonja Henie og Niels Onstad, Henie Onstad kunstsenter. http://hok.no/om-hok/kunstsenteret/sonja-henie-og-niels-onstad Den utøvande karrieren hennar enda etter eit mislykka forsøk på å erobra Latin-Amerika. Då var Henie over 40 år.

Olympiske medaljar Vinter-OL 1928 Noreg Gull i kunstløp singel

Vinter-OL 1932 Noreg Gull i kunstløp singel

Vinter-OL 1936 Noreg Gull i kunstløp singel

Verdsmeisterskapsmedaljar 1926 Stockholm - Sølv Sølv i kunstløp, single damer 1927 Oslo - Gull Gull i kunstløp, single damer 1928 London - Gull Gull i kunstløp, single damer 1929 Budapest - Gull Gull i kunstløp, single damer 1930 New York - Gull Gull i kunstløp, single damer 1931 Berlin - Gull Gull i kunstløp, single damer 1932 Montreal - Gull Gull i kunstløp, single damer 1933 Stockholm - Gull Gull i kunstløp, single damer 1934 Oslo - Gull Gull i kunstløp, single damer 1935 Wien - Gull Gull i kunstløp, single damer 1936 Paris - Gull Gull i kunstløp, single damer

Prisar og utmerkingar I 1968 vart Sonja Henie kommandør av St. Olavs Orden.

Ettermæle I 2018 vart det laga ein dramafilm om henne kalla Sonja. Filmen tok føre seg livet hennar etter kunstløpkarrieren sin og vegen hennar til å verta Hollywood-skodespelar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sonja Henie» frå , den 1. september 2026.

Bakgrunnsstoff

Biografi, filmografi og bilete; Henie Onstad Kunstsenter Sonja Henie i olympedia.org

Kategori:Norske kunstløparar Kategori:Norske velgjerarar Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Verdsmeistrar i kunstløp Kategori:Noregsmeistrar i kunstløp Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1924 Kategori:Kunstløparar under vinter-OL 1924 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1928 Kategori:Kunstløparar under vinter-OL 1928 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1928 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1932 Kategori:Kunstløparar under vinter-OL 1932 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1932 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1936 Kategori:Kunstløparar under vinter-OL 1936 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1936 Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Hollywood Walk of Fame Henie Sonja