mini| Eurovision Song Contest 1962 (ESC 1962) var den sjuande gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Konkurransen vart halden i Villa Louvigny i Luxembourg i Luxembourg. Finalen fann stad søndag 18. mars. Frankrike vann konkurransen med songen «Un Premier Amour», framført av Isabelle Aubret på fransk.

Nye reglar på poengfordelinga var på plass, der kvar nasjon delte ut 3, 2 og 1 poeng basert på 10 jurymedlemmar. Spania, Nederland, Belgia og Austerrike fekk alle den tvilsame æra av å vere dei fyrste bidraga i konkurransen som ikkje fekk nokon poeng.

Bidraga Finale Finalen vart halden den 18. mars 1962 i Villa Louvigny. Frankrike vann konkurransen for tredje gong. Jugoslavia og Storbritannia kom på ein delt 4. plass. Finland og Sverige kom på ein delt 7. plass. Danmark, Noreg og Sveits kom på ein tredelt 10. plass. Belgia, Spania, Austerrike og Nederland kom på ein firedelt 13. plass.

Nr. Land Artist Song Språk Plass Poeng 1. Marion Rung «Tipi-tii» Finsk 7 4 2. Fud Leclerc «Ton nom» Fransk 13 0 3. Victor Balaguer «Llámame» Spansk 13 0 4. Eleonore Schwarz «Nur in der Wiener Luft» Tysk 13 0 5. Ellen Winther «Vuggevise» Dansk 10 2 6. Inger Berggren «Sol och vår» Svensk 7 4 7. Conny Froboess «Zwei kleine Italiener» Tysk 6 9 8. De Spelbrekers «Katinka» Nederlandsk 13 0 9. Isabelle Aubret «Un premier amour» Fransk 1 26 10. Inger Jacobsen «Kom sol, kom regn» Norsk 10 2 11. Jean Philippe «Le retour» Fransk 10 2 12. Lola Novaković «Ne pali svetlo u sumrak» Serbisk 4 10 13. Ronnie Carroll «Ring-A-Ding Girl» Engelsk 4 10 14. Camillo Felgen «Petit bonhomme» Fransk 3 11 15. Claudio Villa «Addio, addio» Italiensk 9 3 16. François Deguelt «Dis rien» Fransk 2 13

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «ESC 1962» og «ESC 1962» frå og VG.no, den 1. februar 2011.

Kategori:Musikk i 1962 Kategori:Eurovision Song Contest etter år