Nick Mason's Fictitious Sports er debutalbumet til trommeslagaren i Pink Floyd, Nick Mason, som soloartist, utgjeve i mai 1981 i Storbritannia og USA. Dette var det første større arbeidet Mason gjorde utanfor Pink Floyd. Det vert av mange rekna som eit Carla Bley-album, sidan ho skreiv alle songane og var medprodusent på albumet.http://www.allmusic.com/album/r44232 Allmusic Bortsett frå opningssongen vert albumet sungen av Robert Wyatt.

Innspeling Albumet vart spelt inn i oktober 1979, men utgjevinga vart forseinka nesten to år.I følgje plateomslaget.

Nick Mason: «Eg lagde mest 'Fictitious Sports' som ei øving. 'Profiles' har meir levetid... det er sterkt nok til å kunne aksepterast som eit 'verkeleg' album.»

«Opphavleg var det planen at eg måtte dra til Amerika for å lage eit album med all slags songar, men så sende Carla meg ein kassett med ideane hennar. Det var særs forskjellig frå det ho hadde gjort tidlegare og eg var absolutt med på det. Så eg tenkte det ville vere betre å gjere det slik enn å desperat prøve å finne ting som fungerte i lag.»

Innhald

Medverkande Nick Mason – trommer, perkusjon, produsent, lydteknikar Carla Bley – klaverinstrument, låtskrivar, produsent Chris Spedding – gitarar Steve Swallow – bassgitar Michael Mantler – trompet, lydteknikar Robert Wyatt – vokal Karen Kraft – vokal på «Can't Get My Motor to Start» Gary Windo – tenor/bassklarinett, fløyte, vokal Gary Valente – trombone, vokal Howard Johnson – tuba Terry Adams – piano på «Boo to You Too», munnspel og clavinet på «Can't Get My Motor to Start» Carlos Ward – vokal D. Sharpe – vokal Vincent Chancey – vokal Earl McIntyre – vokal James Guthrie – lydteknikar Hipgnosis – plateomslag

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Nick Mason's Fictitious Sports» frå , den 8. mars 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Debutalbum frå 1981 Kategori:Engelske jazzfusionalbum Kategori:USA-amerikanske jazzfusionalbum Kategori:Harvest Records-album Kategori:EMI Records-album Kategori:Columbia Records-album Kategori:Album produserte av Nick Mason Kategori:Carla Bley-album Kategori:Nick Mason-album Kategori:Plateomslag av Hipgnosis