Pikulettar er ei gruppe små hakkespettar og ein distinkt underfamilie av ca. 30 artar som lever hovudsakleg i tropisk Sør-Amerika, med berre tre asiatiske og éin afrikansk art.

Til likskap med dei «verkelege» spettane, har pikulettar store hovud, lange tunger som dei nyttar til å trekkje ut byttedyr med, og zygodaktyle føter, klatreføter, med to tær peikande framover, og to bakover. Men dei manglar dei stive halefjørene som spettane brukar når dei klatrar i tre, så det er meir sannsynleg at pikulettar kviler på ei grein enn i oppreist stilling på ein trestamme slik som spettane gjer.

Nebba deira er kortare og mindre dolkliknande enn hos spettane, slik at dei søkjer insekt og larver hovudsakleg i råte trevirke. Tilsvarande gjenbrukar dei spettehòl til reirplass, framfor å hakke ut eigne hòl. Egga er kvite, som hos mange andre hòlerugarar.

Vanlegvis har desse fuglane grå eller mattgrøn overside og lys underside med mørke striper.

Storpikulett, monotypisk i slekta Nesoctites, er ikkje rekna som medlem av underfamilien Picumninae. __NOTOC__ Artslista Pikulettar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.5 frå desember 2010 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.

Slekt Picumnus Flekkpikulett, Picumnus innominatus Amazonpikulett, Picumnus aurifrons Orinocopikulett, Picumnus pumilus Selvaspikulett, Picumnus lafresnayi Eldkronepikulett, Picumnus exilis Krattpikulett, Picumnus sclateri Skjelpikulett, Picumnus squamulatus Kvitbukpikulett, Picumnus spilogaster Guyanapikulett, Picumnus minutissimus Perlepikulett, Picumnus pygmaeus Sjakkpikulett, Picumnus steindachneri Varzeapikulett, Picumnus varzeae Bandpikulett, Picumnus cirratus Pilspisspikulett, Picumnus dorb?ignyanus Okernakkepikulett, Picumnus temminckii Kilepikulett, Picumnus albosquamatus Rusthalspikulett, Picumnus fuscus Rustpikulett, Picumnus rufiventris Brunpikulett, Picumnus fulvescens Brunkinnpikulett, Picumnus limae Brunbrystpikulett, Picumnus nebulosus Mimosapikulett, Picumnus castelnau Ucayalipikulett, Picumnus subtilis Olivenpikulett, Picumnus olivaceus Colombiapikulett, Picumnus granadensis Kastanjepikulett, Picumnus cinnamomeus

Slekt Sasia Afrikapikulett, Sasia africana Malaypikulett, Sasia abnormis Kvitbrynpikulett, Sasia ochracea

Slekt Nesoctites Storpikulett, Nesoctites micromegas

Kjelder Denne artikkelen byggjer på «Piculet» frå , den 16. mai 2011

Referansar

Bakgrunnsstoff Videoar, bilete og lydopptak av pikulettar hos Internet Bird Collection

Kategori:Spettefamilien